Kunnskapsministeren lovar meir pengar til resultatbasert omfordeling

Regjeringa vil leggja meir pengar i potten til resultatbasert omfordeling mellom institusjonane (RBO). Det avslørte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på Forskarforbundets haustkonferanse i dag.

LITE LAND I VERDA: – Norske forskarar publiserer berre 0,63 prosent av alle verdas forskingsartiklar. Hallvard Lange hadde difor rett når han sa at Noreg er eit lite land, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen .

Foto: Ola Sæther

Fredag legg Erna Solbergs regjering fram dei forslaga til endringar i statsbudsjettet for 2014  som skal farga budsjettforslaget frå den raudgrøne regjeringa til Jens Stoltenberg, litt blåare.

I formiddag varsla kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på den forskingspolitiske konferansen til Forskarforbundet, at det vil koma endringar  i budsjettet både for forsking og høgare utdanning. Mest konkret var han på spørsmålet om finansiering av forsking.

Opptatt av forsking

– Solberg-regjeringa vil løyva meir pengar til resultatbasert omfordeling mellom institusjonane (RBO), lova han.

Han viste også til at regjeringa var svært opptatt av forsking.

– Eit tydeleg teikn på det er at behovet for auka satsing på forsking og høgare utdanning blei nemnt som det første punktet då statsminister Erna Solberg presenterte regjeringserklæringa, fortalde han.

Nytte mot danning

Torbjørn Røe Isaksen såg at det var fleire spenningar i kunnskapspolitikken.

– Det står mellom kunnskap for nytte og kunnskap for danning. Eigentleg er ikkje denne motsetninga så svært stor. Me treng både noko å leva av og noko å leva for, understreka han. For han var det human kapital som var Noregs mest verdifulle ressurs.

– Når det blir kombinert med naturressursar som funn av olje, og store delar av inntektene blir forvalta klokt i Statens pensjonsfond utland, er det ein del av forklaringa på dagens velferdsnivå i landet vårt, konstaterte han.

Ynskjer fleire søknader om EU-pengar

Kunnskapsministeren syntest det var eit paradoks at dobbelt så mange forskarar søkjer pengar frå Fri prosjektstøtte frå Forskingsrådet som frå Det europeiske forskingsrådet. Over 1000 søkjer fri prosjektstøtte, medan berre 500 søkjer om pengar frå Det europeiske forskingsrådet.

– Dette gjer at innfriingsprosenten er mykje høgare for søknadene til Det europeiske forskingsrådet enn til Fri prosjektstøtte i Forskingsrådet. No håpar eg verkeleg forskarane kastar seg rundt og sender inn søknader til EUs nye rammeprogram for forsking Horisont 2020, sa Røe Isaksen.

Meir internasjonalt samarbeid

Etter hans meining må norske forskarar samarbeida endå meir med internasjonale toppforskarar enn i dag.

– Om dei norske forskarane arbeider saman med internasjonale toppforskarar, presterer dei også meir enn det dei elles ville gjort. Og me må også tenkja ut korleis me skal gjera norske forskingsmiljø så attraktive at utanlandske toppforskarar kjem hit, sa den ferske kunnskapsministeren.

Langtidsplan hausten 2014

Av dei andre tinga han lova, var at det skal leggjast fram ein langtidsplan for forsking hausten 2014.

– Planen er at me skal leggja fram ein ny plan kvart 4. år, så me reknar med at det blir me som skal gjera det i fleire valperiodar framover, flirte han. I tillegg lanserte han også ideen om Senter for framifrå utdanningstilbod.

– Modellen er sentra for framifrå forsking.  Det skal visa at me ynskjer å gjera høgare utdanning best mogleg, slo han fast.

Når det galdt konkrete løyvingar til forsking og til drift av universitets- og høgskulesektoren, hadde han ingenting å gi i dag.

– Men dei som fylgjer godt med når regjeringa legg fram sitt endra statsbudsjett for 2014, vil leggja merke til at me har gjort ein god del endringar til fordel for forsking og høgare utdanning, sa han.

Det aller viktigaste for han under det forskingspolitiske seminaret, var å dempa forventingane til at Solberg-regjeringa skal klara å oppfylla alle forskingslovnadene sine på dei tre vekene dei har hatt på seg til å gi statsbudsjettet ein litt blåare farge.

Både spiss og breidde

– Det aller viktigaste blir no å prioritera. Noreg er svært gode, ja, faktisk verdsleiande på nokre forskingsområde, medan me er midt på treet på andre. Me må spissa det me er gode på, og vurdera om me kan gjera oss nytte av forsking frå andre, på område som andre land er like gode eller endå betre på enn Noreg. Det me ynskjer er i alle fall eit endå nærare samarbeid enn i dag mellom forsking, næringsliv og arbeidsliv. Me kjem til å utvida ordninga med nærings-ph.d.-ar og gi næringslivet betre vilkår for å kunna driva forsking, sa statsråden.

Han peika på at innanfor forskingsinstitusjonane heng både forsking, infrastruktur og studieprogram saman. – I lærarutdanninga vil me difor innføra eit fem år langt masterstudium, slik at dei kan knyta seg tettare opp mot forskingsmiljøa, fortalde han.

– Berekraftig offentleg sektor, trygge arbeidsplassar og eit samfunn som taklar klimautfordringane er vårt mål. For å nå desse måla må me satsa på kunnskap, slo Torbjørn Røe Isaksen fast.

– Om me ikkje kan lova så mange ekstra kroner i første omgang, kan me i alle fall garantera at vårt endra budsjett varslar eit taktskifte, la han til.

– Eit godt budsjett kan bli endå betre

Iselin Nybø frå Venstre er nestleiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Ho var stort sett nøgd med det ho høyrde frå kunnskapsministeren.

– Det var mange positive grep i dette budsjettet, men eg er sikker på at det blir endå betre etter at Venstre og KrF har sett seg ned saman med regjeringspartia og forhandla om det endelege budsjettforslaget, trudde ho.

Arbeidarpartiets Marianne Aasen var einig i behovet for langtidsplanar for forsking.

– Høgre var likevel det einaste partiet i Stortinget som ikkje stemte for tiltaka i forskingsmeldinga som blei lagt fram i vår. Eg har inga tru på at forsking kan konkurranseutsetjast, slik som Solberg-regjeringa vil, sa ho.

Viserektor Ragnhild H. Hennum frå Universitetet i Oslo var opptatt av å få vita kva politikk regjeringa ville føra for å finansiera nye forskingsbygg og vedlikehalda dei gamle. Ho peika spesielt på behovet for eit nybygg til livsvitskap.

– Forskingsfinansiering handlar i stor grad også om å investera pengar i nye bygg. Det er ein avgjerande del av forskingssatsinga. Så det er også kalkulert inn i vår plan, sa Torbjørn Røe Isaksen.

 

Emneord: Forskingspolitikk, Forsking, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. nov. 2013 16:33 - Sist endra 6. nov. 2013 13:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere