Både Venstre-leiar Trine Skei Grande og KrF-leiar Knut Arild Hareide seier at målet deira er å gjenreisa heiltidsstudenten. Dei vil difor ha ein plan for å auka studiestøtta fram til 2017. Det vil dei gjera i nært samarbeid med Norsk studentorganisasjon, seier Hareide. - Eit godt budsjett er blitt endå betre, meiner Høgres parlamentariske leiar, Nicolai Astrup.
Studentane er likevel svært skuffa over at 11 månader studiestøtte blei ofra for å få til eit budsjettforlik mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Leiar for Norsk Studentorganisasjon Ola Magnussen Rydje uttrykkjer det slik:
- Heiltidsstudenten døyr sjølv om regjeringa, Krf og Venstre kjenner diagnosen. Norske studentar opplever ein reprise frå 2009: og regjeringa, Krf og Venstre gjentar det dei kalla eit «kunststykke» hos den raudgrøne regjeringa: nemleg å forhandla vekk noko det er eit overveldande fleirtal for. Kunnskapssamfunnet er, om ikkje avlyst, utsett – og går ei usikker framtid i møte, seier Ola Magnussen Rydje i ei melding på nettsidene til Norsk Studentorganisasjon.
Frå Forskarforbundet får derimot budsjettforliket ståkarakter:
- Me er nøgde med at den nye regjeringa aukar den totale forsknigsinnsatsen, men det står mykje att før me kan seia at lovnadene er innfridde, seier Petter Aaslestad, leiar av Forskerforbundet i ei pressemelding,
(Oppdatert 18. november 0.33)
Logg inn for å kommentere