Microsoft-grunnleggjaren Bill Gates kjem til UiO

Førstkomande fredag deltar Microsoft-grunnleggjaren Bill Gates i ein samtale om global helse med helseminister Bent Høie og UiO-rektor Ole Petter Ottersen i Gamle festsal i Urbygningen i sentrum. UiO oppfordrar alle til å senda inn spørsmål til Bill Gates på hashtag #GlobalUiO.

SAMTALAR OM HELSE: Microsofts grunnleggjar Bill Gates deltar i ein samtale med helseminister Bent Høie og UiO-rektor Ole Petter Ottersen på fredag.

Foto: Colourbox

Det er ein av verdas viktigaste datagrunnleggjarar som kjem til Universitetet i Oslo på fredag. 58-åringen Bill Gates begynte å programmera dataprogram som 13-åring, og i 1975 starta han og Paul Allen dataprogramselskapet Microsoft Corporation.

Det har gjort Bill Gates til verdas rikaste mann. Formuen er på 422 milliardar kroner. No brukar han store delar av formuen sin til å støtta helsetiltak gjennom ei stifting som han og kona har danna. Den heiter Bill & Melinda Gates Foundation, og har fått rundt 500 millionar kroner årleg til mellom anna vaksineprogrammet sitt frå Stoltenberg-regjeringa.

Global helse og utvikling

På fredag kjem Bill Gates til Universitetet i Oslo for å diskutera korleis framtidas norske leiarar kan gjera verda til ein betre stad. Då møter han både helse- og omsorgsminister Bent Høie og UiO-rektor Ole Petter Ottersen i ein samtale i Gamle festsal. Dei skal også snakka om global helse og utvikling.

Kringkastar debatten over nettet

Møteleiar blir tidlegare prorektor ved UiO, Inga Bostad. Berre dei som har fått invitasjon kan ta plass i Gamle festsal, men heile møtet blir kringkasta gjennom nettet og vist på storskjerm i Realfagsbiblioteket på Blindern.

– Me oppfordrar både studentar og tilsette om å senda inn spørsmål via Twitter på hashtag #globalUiO, seier kommunikasjonsrådgjevar Stein Roar Fredriksen. – Dei beste spørsmåla blir plukka ut og stilte til Bill Gates under samtalen, lovar han.

Arrangementet startar klokka 11.45 og varer i rundt ein time.

Tidlegare på dagen deltar Bill Gates på eit frukostmøte i regi av tankesmia Civita. Då vil han møta norske næringslivsleiarar og generalsekretæren i Kirkens Nødhjelp.

(Kjelder: Wikipedia, E24, NA24, UiOs nettsider)

Emneord: Studentsaker, Universitetspolitikk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 12. nov. 2013 11:24 - Sist endra 12. nov. 2013 11:39

Hvilken forum er de listet opp hva slags hjelp Bil Gates  konkret gir  i disse såkalte helse prosjekter? For meg ser det ut at det er bare for en liten elite enn til vanlig folk. Stemmer det?

 

Maria Landin - 14. nov. 2013 08:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere