Veglaboratoriet fell snart i grus

Veglaboratoriet i Gaustadalleen 25 står i ruinar. Det må vika når Statsbygg ryddar plass til ein ny veg som skal gå til det framtidige senteret for livsvitskap.

I RUINAR: Veglaboratoriet i Gaustadalleen 25 er i ferd med å bli jamna med jorda. De skal gi plass til ein veg som skal gå til det framtidige senter for livsvitskap. (Foto:Martin Toft)

I Gaustadalleen 25, også kalla Veglaboratoriet, har både Den internasjonale sommarskulen, Norsk Ordbok og Avdeling for namnegransking, Bokmålsseksjonen, Universitetets senter for informasjonsteknologi, Innkjøpsseksjonen, Økonomiseksjonen til Det medisinske fakultetet og Uniforum halde til.

Det har også vore lokale for forelesingar for studentar frå mange ulike fag. Bygningen må bort for å gi plass til vegen fram til eit framtidig Senter for livsvitskap. Veglaboratoriet blei bygd i 1963, opplyser Statsbygg, og den blei brukt av Statens vegvesen til å testa ulike former for asfalt som vegdekke. Derfor fekk den også namnet Veglaboratoriet.

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 17. okt. 2013 10:15 - Sist endra 17. okt. 2013 11:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere