UiO-rektor godt nøgd med regjeringserklæringa

- Eg synest det er mykje positivt i denne erklæringa, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen etter å ha granska innhaldet i regjeringserklæringa til Høgre og Framstegspartiet.

VILJE: - Det er tydeleg at det er vilje til å fylgja opp ambisjonane i valprogramma, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen i ein kommentar til regjeringsplattforma til Høgre og Framstegspartiet. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Måndag kveld presenterte partileiarane Erna Solberg og Siv Jensen plattforma til den nye blåblå regjeringa. Den viser at dei ynskjer å satsa på å utvikla eliteuniversitet og har også som mål at investerinar i forsking og utvikling skal utgjera tre prosent av bruttonasjonalproduktet innan 2030. UiO-rektor Ole Petter Ottersen ser mange gode signal i plattforma.

- Høgt kunnskapsinnhald

- Det er tydeleg at det er vilje til å fylgja opp ambisjonane i valprogramma. Dette er bra, og eg har store forventingar til at me nå får auka satsing på forsking i Noreg. Dette er helit avgjerande for at me med dagens høge kostnadsnivå skal kunna oppretthalda  konkurransekrafta vår. Me må ha eit høgt kunnskapsinnhald i varer og tenester. Ei investering i forsking og høgare utdanning er viktig for utviklinga av både individ og samfunn, understrekar Ottersen.

- Langt tidsperspektiv

Han peikar på at ingen enno veit kor stor auke det blir i satsinga på dei ulike delane i erklæringa. Det er heller ikkje mogleg å seia noko om kor langt fram i tid satsinga vil skje  - Det er no viktig at satsinga får eit langt tidsperspektiv slik at me får vita i tide kva som trengst for at forsking skal trivast og gi dei gjennombrota me treng. Me håpar også at signala me har fått om ei større investering i bygg og vedlikehald blir fylgt opp, seier Ole Petter Ottersen.

 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 8. okt. 2013 14:41 - Sist endra 8. okt. 2013 15:13

Logg inn for å kommentere