SV-fakultetets 50 år på 50 minutt

– På under ein månad klarte me å laga ein 50 minutt lang dokumentar om SV-fakultetets 50 år lange historie. Takka vere eige materiale supplert med NRK-innslag har me opptak av dei viktigaste hendingane, seier Arild Boman i Iped ved UiO.

I SØKJELYSET: Økonomiprofessor Trygve Haavelmo fekk tildelt Nobels minnepris i økonomi i 1989. Opptaket finst på den historiske dokumentaren til UniMedia om SV-fakultetets 50 år. Arild Boman (t.v.) og Arve Nordland har samla og redigert materialet saman med mellom andre tidlegare SV-dekan Tore Hansen.

Foto: Ola Sæther

I byrjinga av august starta førsteamanuensis emeritus Arild Boman i Iped og redigerar Arve Nordland i UniMedia, UiO jakta på levande bilete frå den 50 år lange historia til Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Som medhjelparar hadde dei professor emeritus og tidlegare dekan Tore Hansen og SV-teknikarane Lasse Moer og Caroline Aulie.

Klar til jubileumsfeiringa

Resultatet av jakta blei ein 50 minutt lang dokumentar som var klar akkurat i tide til jubileumsfeiringa starta den 2. september. Dokumentaren inneheld mellom anna opptak av tildelinga av Nobels minnepris i økonomi til både Ragnar Frisch i 1968 og til Trygve Haavelmo i 1989. – Dette er to av opptaka me kan takka NRK for. Samtidig har me sjølve tatt vare på opptaka både med forskarar utanfrå, som Jürgen Habermas og mange av våre eigne forskarar som var engasjert i mellom anna Maktutgreiinga og i CulCom-prosjektet. Me dokumenterer også solidaritetsprosjektet med den burmesiske motstandsrørsla og viser starten på fjernsynssendingane til Democratic Voice of Burma frå Noreg, fortel Arild Boman.

Som primus motor for Kunnskapskanalen er han også stolt over at dei sit på eit opptak med sosiologiprofessor Vilhelm Aubert. Han finst det få levande bilete av, legg han til. – UiO var eitt av tre universitet i Europa som kunne ha direktesende fjernsynsprogram gjennom satellittsamarbeidet Eurostep.

Ynskjer redningsaksjon for gamle opptak

No er Arild Boman opptatt av å redda alle andre opptak som er gjort både for Universitetet i Oslo sentralt og for andre fakultet enn SV.

– Stortinget pålegg Universitetet i Oslo og andre offentlege institusjonar å digitalisera slikt materiale, for det blir rekna som ein del av kulturarven. Universitetsleiinga og einingane må difor få fortgang i dette arbeidet. Det hastar og om få år kan det vera for seint å ta vare på desse kulturskattane som dokumenterer UiOs og fagmiljøa si moderne historie, seier Arild Boman.

Opptaket av SV-fakultetets historie skal sendast på Kunnskapskanalen i NRK 2, men kan også strøymast frå nettet frå SV-fakultetet.

Gå inn og sjå sendingane i Kunnskapskanalen på NRK 2.

 

 

Emneord: Forskningsformidling, Forskning Av Martin Toft
Publisert 15. okt. 2013 16:29 - Sist endret 15. okt. 2013 16:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere