Nordens beste universitet satsar på dei beste

Karolinska Institutet er i år det beste nordiske universitetet på to internasjonale rangeringar. – Me satsar ekstra pengar på dei forskargruppene som gjer det aller best, utan å skjera ned på løyvingane til dei andre, opplyser rektor Anders Hamsten til Uniforum.

AULA MEDICA: Den nyaste bygningen til Karolinska Institutet er Aula Medica. Den opna 11. oktober og står i sterk kontrast til dei raude mursteinshusa på universitetsområdet.

Foto: Martin Toft

På Solna i Stockholm ligg Karolinska Institutet. Det er omkransa av Karolinska sjukhuset og av veggane som reiser seg på det nye store universitetssjukehuset som er under bygging på den andre sida av gata. På nabotomta er dei i gang med å skyta ut grunnen til det nye forskingssenteret Biomedicum. Det skal bli eit av Europas største forskingslaboratorium. Inne på universitetsområdet til Karolinska Institutet står ei ultramoderne og skeiv høgblokk ferdig. Aula Medica husar rektoratet og administrasjonen og ein aula med 1000 sitjeplassar. Det opnar den 11. oktober og blir arena for årets Nobel-forelesingar.

Først ute med å operera inn pacemaker

Karolinska Institutet er på topp i Norden på universitetsrangeringane til Times Higher Education Supplement og Shanghai Jiao Tong-universitetet. I år kom det på 36. plass på verdsrangeringa til Times Higher Education Supplement. Rektor Anders Hamsten tolkar det som eit uttrykk for at dei satsar rett.

GJENNOMBROT: – Målet vårt er å driva forsking som leier til viktige medisinske gjennombrot, understrekar rektor Anders Hamsten ved Karolinska Institutet. Her står han utanfor det nye hovudkvarteret til administrasjonen, Aula Medica. Bygningen har også ein forsamlingssal med 1000 sitjeplassar, der Nobelforelesingane vert haldne seinare i år.(Foto: Martin Toft)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

– Me satsar ekstra pengar på dei forskargruppene som gjer det aller best, utan å skjera ned på løyvingane til dei andre. Målet vårt er å driva forsking som leier til viktige medisinske gjennombrot, understrekar Hamsten overfor Uniforum. Det har også skjedd tidlegare i historia til Karolinska Institutet.

– Det var her den aller første pacemakeren blei operert inn i eit menneske, fortel han stolt. – Og det var også her dei først utvikla ein strålekniv som kunne fjerna kreftsvulstar, legg han til.

6000 studentar og 4900 tilsette

Me treffer rektor, og professor i hjartemedisin, Anders Hamsten på eit nytt og hypermoderne kontor i 6. etasje i Aula Medica. Han er godt nøgd med at universitetet han leier gjer det godt på dei internasjonale universitetsrangeringane, men han understrekar at det berre er på dei som prioriterer medisin, naturvitskap og teknologi at Karolinska Institutet markerer seg.

– Sjølvsagt tar me desse listene med ei stor klype salt. Likevel trur eg at ein viktig grunn til at me gjer det så bra, er at 85 prosent av omsetninga vår går til forsking og forskarutdanning. Berre 15 prosent går til grunnutdanning, slår han fast. Og på eit universitet med 6000 medisinstudentar, er det rundt 4900 tilsette.

– Ja, det blir nesten ein tilsett for kvar student, men fleire av dei er også teknisk-administrative tilsette, konstaterer han.

Rekrutterer frå USA

Anders Hamsten kan også skryta av at dei nyleg har fått rekruttert to medisinprofessorar frå USA og ein frå Italia.

RENNANDE VATN:  I foajeen i Aula Medica dominerer ein vegg med evig rennande vatn. Bygningen er finansiert av pengar frå fondet til grunnleggjaren av butikk-kjeda Hennes&Mauritz. (Foto: Martin Toft)

– Karolinska Institutet kan tilby konkurransedyktige lønner til toppforskarar. Det er sjølvsagt viktig. På den andre sida kan me til liks med breiddeuniversiteta i Norden gi både amerikanske forskarar og andre noko unikt. Det nære samarbeidet mellom dei medisinske fagmiljøa og sjukehusa gjer at me heile tida står i nær kontakt med dei som driv pasientbehandling. På den måten er det mogleg for sjukehuslegar heile tida å ha nær kontakt med det medisinske fagmiljøet og vice versa. Det er nettopp difor me samarbeider aller mest med dei medisinske fakulteta ved universiteta i Oslo, København og Helsingfors, seier Anders Hamsten til Uniforum.

Felles postdoktorprogram med UiO

Denne hausten har han også hatt møte med rektor Ole Petter Ottersen ved Universitetet i Oslo. Dei vil utvida samarbeidet mellom dei to universiteta. – Planen er å etablera eit eige forskingsprogram for postdoktorar. Det vil seia at dei kan vera på Karolinska Institutet i eitt semester eller eitt år, og like lenge ved Universitetet i Oslo. På den måten kan dei fylgja ulike forskargrupper innanfor ulike medisinske fagfelt. Det er sett ned ei felles gruppe som arbeider vidare med desse planane, avslører Hamsten.

Kimsar ikkje av Jahre-prisane

Sjølv om det er ein eigen komité ved Karolinska Institutet som kvart år bestemmer kven som skal få Nobelprisen i medisin/fysiologi, kimsar han ikkje av Anders Jahres medisinske prisar, som blir delte ut av Universitetet i Oslo. – Me er sjølvsagt svært stolte over at ein av våre mest lovande forskarar Yenan Bryceson, som arbeider ved Karolinska sjukhusets avdeling i Huddinge, får Anders Jahres pris for yngre forskarar saman med ein forskar frå Aarhus Universitet. Eg er viss på at denne viktige prisen har mykje å seia for at talentfulle, unge forskarar held fram med å forska, seier han.

– Karolinska vil stå på eigne bein

– Det må vera tøft for eit universitet som berre kan tilby medisinsk forsking og medisinske fag. Ville det ikkje vera naturleg å slå seg saman med ein av dei andre lærestadene i Stockholm og Uppsala?

Fakta om Karolinska Institutet:

Grunnlagt:1810 av kong Karl XIII til utdanning av gode feltlegar.

Sidan 1901 har Nobelförsamlingen ved Karolinska Institutet bestemt kven som får Nobelprisen i medisin/fysiologi.

Karolinska har fem nobelprisvinnarar i medisin. Den første i 1955 og den siste i 1982.

Studentar: 6000

Tilsette: 4900, 1981 av dei er teknisk-administrative eller laboratoriemedarbeidarar.

Samla årsbudsjett: 5,435 milliardar svenske kroner, 2,566 milliardar kjem frå staten, resten er ekstern finansiering.

22 institutt fordelte på tre campus, KI Solna, KI Karolinska universitetssjukehus, Solna og Huddinge.

359 doktorgradar blei fullførte i 2012.

Rektor: Anders Hamsten, professor i hjartemedisin. Utnemnd av regjeringa i 2012.

Kjelder: Rektor Anders Hamsten, Karolinska Institutet’s Annual Report 2012 og nettsidene til Karolinska Institutet.

– Stockholms universitet vil gjerne at me slår oss saman med dei, men det har ikkje Karolinska Institutet noko interesse av. Me står svært godt på eigne bein. Me samarbeider likevel nært med både Uppsala universitet, Kungliga tekniska högskolan og Stockholms universitet. Eit resultat av det samarbeidet er det store forskingssenteret Science for Life. Det er finansiert både av ei privat stifting og av regjeringa. Der vil forskarar frå desse institusjonane samarbeida på tvers av fag og institusjon. Der vil dei få tilgang til laboratorium og vitskapleg utstyr som dei ikkje har på moderinstitusjonen sin. I løpet av 2013 vil det vera 700 tilsette på det

forskingssenteret, opplyser han. Og Hamsten klagar ikkje på manglande løyvingar frå regjeringa.

– I Sverige blir det satsa mykje pengar på forsking. Det er også eit stort konkurransefortrinn for oss samanlikna med dei mange kriseråka landa i Europa.

– Og så får de ein del milliardar i private donasjonar?

– Ja, men det er me som bestemmer kva dei pengane skal brukast til. Aula Medica var det me som avgjorde at me ville byggja, sjølv om pengane kom frå stiftinga til grunnleggjaren av Hennes & Mauritz-kjeden, Erling-Perssons stiftelse.

BYGGJER SJUKEHUS: På den andre sida av universitetsområdet til Karolinska er det nye Karolinska universitetssjukhus i ferd med å reisa seg. (Foto: Martin Toft)

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Medisin, Rangering, Internasjonalisering Av Martin Toft i Stockholm
Publisert 15. okt. 2013 13:26 - Sist endra 15. okt. 2013 14:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere