UiO-rektor håpar på meir til forsking frå Solberg-regjeringa

– Eg skulle gjerne sett eit forskingsbudsjett med endå høgare ambisjonar. No håpar eg at den nye regjeringa klarer å gjera budsjettet endå betre før Stortinget skal handsama det, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen .

HÅPAR PÅ BETRE BUDSJETT: UiO-rektor Ole Petter Ottersen håpar framlegget til statsbudsjettet for 2014 blir betre enn det som blei lagt fram i dag,  etter at Solberg-regjeringa har endra det og legg det fram for Stortinget. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Forslaget til statsbudsjett for 2014 blei lagt fram av Stoltenberg-regjeringa i formiddag. 400 nye studieplassar og 1300 nye studentbustader er mellom tiltaka som det skal satsast pengar på. Dessutan blir det etablert 60 nye stipendiatstillingar og 50 millionar kroner til unge og talentfulle forskarar.

Nøgd med gjennomslaget for studentane

UiO-rektor Ole Petter Ottersen ser fleire lyspunkt.

– Først og fremst er eg glad på studentane sine vegner som har fått gjennomslag både for bygging av fleire studentbustader og auka utdanningsstøtte. Dette er kjempeviktig, og det unner eg studentane, seier Ottersen. Han er også nøgd med at senter for livsvitskap har kome inn på budsjettet gjennom ei løyving på 20 millionar til prosjektmidlar.

– Det er flott at senter for livsvitenskap endeleg er planta inn i budsjettet i åra framover gjennom denne  løyvinga, seier han.

 – Det er svært bra at det er blitt oppretta nye frie stipendiatstillingar. For oss vil det seia at me får 10 nye slike stillingar innanfor dei faga som me prioriterer, understrekar han.

Men dei varsla innstegsstillingane er det ikkje løyvd pengar til. – Det er skuffande, legg han til.

Ottersen synest det er gledeleg at det skal bli lettare å gi pengar til forsking.

 – At Gåveforsterkingsordninga er på plass igjen, er svært viktig for UiO, konstaterer Ottersen. Han er derimot ikkje nøgd med det som står om resultatbasert omfordeling. – Der hadde me rekna med å få inn meir pengar, sidan UiO-forskarane har auka publisering av vitskaplege artiklar dei siste åra. Når det ikkje er løyvd meir pengar til dette, vil det seia at det er eit nullsumspel, tykkjer han.

Trur på endringar i Stortinget

Ole Petter Ottersen har derimot tru på at det skal lata seg gjera å endra på dei tinga han ikkje er nøgd med når det endelege budsjettforslaget frå den nye regjeringa til Erna Solberg kjem til handsaming i Stortinget.

– Det blir utruleg spennande tre veker me går i møte no. Og eg håpar det endelege budsjettforslaget for 2014 vil leggja seg endå nærmare innhaldet om forsking og høgare utdanning i regjeringserklæringa til den nye regjeringa til Erna Solberg. Det blir spennande dagar for forsking og høgare utdanning, trur UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Økonomi, Forskningpolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. okt. 2013 12:26 - Sist endra 14. okt. 2013 12:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere