Torbjørn Røe Isaksen: – Eg skal gjera mitt beste!

Torbjørn Røe Isaksen (35)  reagerte svært positivt då Erna Solberg spurde han om han ville bli kunnskapsminister.– Eg blei veldig glad og tenkte at dette er eit veldig stort ansvar, og det blir både spennande og utfordrande, sa regjeringas yngste medlem etter at han hadde vore på sitt første statsråd hos kong Harald.

TATT IMOT AV FOLKET: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen blei tatt varmt imot av folket i Dronningparken på baksida av Slottet etter at Erna Solberg hadde presentert alle statsrådane sine.

Foto: Ola Sæther

Den nye kunnskapsministeren var heller ikkje i tvil om kva som ville bli det første han ville gripa tak i som statsråd.

– Det første me må gjera er å gå gjennom statsbudsjettet. Det er ei formidabel oppgåve. Så er neste oppgåve å finna ut korleis me skal klara å laga ein plan for å gjennomføra ei svært ambisiøs regjeringsplattform.

Folkevald ikkje ekspert

– Kva  grunnlag har du for å bli ein god kunnskapsminister?

– Det er eit veldig godt poeng for verken i Noreg eller i andre demokrati vel ein verken statsrådar eller stortingsrepresentantar fordi dei er teknokratar eller ekspertar på sitt område. Eg sit der som folkevald. Min jobb er å gjennomføra den politikken regjeringa er blitt valt på.

– Vil di regjering føra ein betre forskings- og universitetspolitikk enn den  regjeringa som er gått av?

– Eg er ein mann av få løfte. Eg skal gjera mitt beste for å få gjennomført mest mogleg av det som står i plattforma til regjeringa.

Han viste til at han også hadde kunnskapsarven med i bagasjen frå barndomen.

– Ja, eg har to foreldre som er lærarar, men eg trur ikkje det i seg sjølv er ein god kvalifikasjon for å bli kunnskapsminister.

Bjørn Haugstad er blitt statssekretær

Med seg til Kunnskapsdepartementet får Torbjørn Røe Isaksen ein gammal kjenning frå Universitetet i Oslo. Tidlegare forskingsdirektør ved UiO, Bjørn Haugstad er utnemnt til statssekretær. Han kjem frå stillinga som ekspedisjonssjef i Olje- og energidepartementet.  Bjørn Haugstad var også statssekretær i Kunnskapsdepartementet den gongen Kristin Clemet var statsråd i Kjell Magne Bondeviks andre regjering.

Ein annan med UiO-bakgrunn er pensjonert psykiatriprofessor  Astrid Nøklebye Heiberg (77). Ho  er  utnemnt til statsekretær i Helse- og omsorgsdepartementet. Nøklebye Heiberg var også den første kvinna i Noreg som tok doktorgraden i psykiatri. Tidlegare har ho både vore statsråd og hatt tunge verv i Den internasjonale Raudekrossen og i Raudekrossen i Noreg.

Tidlegare ekstern styremedlem i Universitetsstyret, Abelia-direktør Paul Chaffey (H)  er utnemnt til statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Frå 1989 til 1997 var han stortingsrepresentant for SV. Ein viktig deltakar i den norske forskings- og utdanningsdebatten, Knut Olav Åmås er blitt peika ut som statssekretær for Høgre i Kulturdepartementet. Dermed må han forlata stillinga som kultur- og debattredaktør i Aftenposten.

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 16. okt. 2013 14:13 - Sist endra 16. okt. 2013 15:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere