Musikk for Jahrepris-vinnarar i Aulaen
Før helga fekk medisinprofessor Jens Juul Holst frå Københavns Universitet utdelt Jahres store medisinske pris for banebrytande funn i forskinga på diabetes 2.

MUSIKALSK ÆRE: Saksofonisten Rolf-Erik Nystrøm framfører sitt eigekomponert verk til utdelinga av Anders Jahres medisinske prisar. Vinnaren av den store prisen,Jens Juul Holst sit til høgre i bakgrunnen. Ved sidan av sit dei to vinnarane av prisen til yngre forskarar Yenan Bryceson og Christian B. F. Andersen. (Foto: Martin Toft)
Medisinprofessor Jens Juul Holst frå Københavns Universitet fekk utdelt Anders Jahres store medisinske pris på ein million kroner i Universitetets aula den 17. oktober. Prisen blei overrekt av UiO-rektor Ole Petter Ottersen, som sjølv er tidlegare vinnar av den same prisen. Prisen for yngre forskarar blei delt ut til Yenan Bryceson frå Karolinska Institutet og Christian B. F. Andersen frå Aarhus Universitet. Denne prisen er på 400 000 kroner og blir delt likt mellom dei to vinnarane.
Saksofonisten Rolf-Erik Nystrøm hadde komponert eit eige stykke til utdelingsseremonien.
Stykket heiter "Passing Through the Island og Blood and Honey" og på latin "Diabetes Insula Sanguis e Mellitus." Barytonen Yngve André Skollerud Søberg og pianisten Reza Aghamir framførte operasvisker frå mellom andre Carmen av Bizet. Dei slo også til med ein eigen versjon av Cornelis Vreesvijks vise "Cecilia Lind." Engegård-kvartetten rocka likevel mest ved å framføra "The String Quartet Tribute to Jimi Hendrix -Purple Haze."
Midt i mellom dei musikalske innslaga forklarte utdelingskomiteen sin formann, medisinprofessor Harald A. Stenmark korleis prisvinnarane hadde gjort funn som har vore svært viktige for legevitskapen. Medisinprofessor Jens Juul Holst har gjort banebrytande bidrag for behandling av insulinavhengig diabetes (type 2). Brycecon får prisen for framifrå forsking på naturlege dreparceller og medfødde blodsjukdommar. Christian B. F. Andersen får sin pris på grunn av forskinga innanfor strukturbasert medisin.
Rektor Ole Petter Ottersens velkomsttale til prisvinnarane kan du lesa på desse nettsidene.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere