Norsk Ordbok på stø kurs mot målet

Band 11 av Norsk Ordbok vart nyleg sleppt i Katedralskolens gamle festsal i Trondheim. Det var i den byen Ivar Aasen først fekk pengar til å dokumentera det norske folkemålet.

BIDRAG TIL SPRÅKÅRET: Prosjektdirektør Åse Wetås i Norsk Ordbok 2014, her saman med redaktør Tor Erik Jenstad ved NTNU, då band 11 blei lansert i Trondheim.

Foto: Alv Reidar Dale

Det er Universitetet i Oslo som er vertskap for prosjektet Norsk Ordbok 2014, det vil seia at det sørgjer for infrastruktur, utstyr og lokale. Men det var Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) i Trondheim som var dei fyrste til å finansiera Ivar Aasen sitt arbeid med å dokumentera det norske folkemålet, frå 1842 til 1851. Og Norsk Ordbok har nett til føremål, i Aasens ånd, å gje ei fagleg påliteleg framstilling av ordtilfanget i norsk talemål og nynorsk skriftspråk.

 

Prosjektdirektør Åse Wetås lanserte torsdag 19. september det nest siste bandet av ordboka, med ord frå ‘stø’ til ‘tåvrut’. Frå Kulturdepartementet tok til å løyva midlar til prosjektet i 2000, har det til no kome ut åtte band på om lag 800 sider kvart, berre eitt står att.

– Dette takka vere ei stram prosjektstyring og ein stor og svært skikka stab med ordboksredaktørar, eit digitalisert materiale og digital produksjon, seier Åse Wetås til Uniforum.

Band 12 skal koma ut ved årsskiftet 2014/2015. Bøkene kjem ut på Det Norske Samlaget.

 

 

Emneord: Forskning, Nynorsk Av Alv Reidar Dale
Publisert 27. sep. 2013 11:02 - Sist endra 27. sep. 2013 11:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere