Gøy med Bourdieu på SV-kontoret

Musikaren og TV-kjendisen Thomas Seltzer klarte å fylla jubileumsteltet til SV-fakultetet med både studentar og tilsette då han inviterte til SV-kontoret i ettermiddag. Temaet "Adjø til Bourdieu?" blei raskt til "Gøy med Bourdieu"

SV-KONTORET: Thomas Seltzer i midten samla Harald Eia (t.v.), Janne Haaland Matlary , Karl Fredrik Tangen og Karine Nyborg til ein ironisk samtale om sosiologen Pierre Bourdieu.

Foto: Martin Toft

Er det mogleg å forklara alt som skjer med teoriane til den franske sosiologen Pierre Bourdieu? Det var utgangspunktet for SV-kontoret som  truleg hadde som mål å seia "Adjø til Bourdieu."  Thomas Seltzer hadde invitert kjjendisprofessor i statsvitskap Janne Haaland Matlary, økonomiprofessor Karine Nyborg, samfunnsgeograf Karl Fredrik Tangen og sosiolog og TV-kjendis Harald Eia til å delta i denne diskusjonen.

- I dag finst det ikkje noko hierarki på SV-fakultetet. For før såg jo psykologane ned på sosiologane,  meinte Thomas Seltzer.

- Det har me aldri høyrt om, svara Karine Nyborg og Janne Haaland Matlary. - Derimot finst det jo ingen revolusjonære studentar, sa dei med stor uro.

- Sosiologane er dei som ikkje får dei gode jobbane etter at dei er ferdige med å studera, meinte Harald Eia utan å inkludera seg sjølv mellom dei.

- Det er jo dei som er utdanna på SV-fakultetet som må ta seg av barn som har det dårleg og mange andre personar som ikkje har det så bra. Det er alltid samfunnsvitarane som må rydda opp i det som ikkje går bra i samfunnet, meinte Karine Nyborg.

Pierre Bourdieu (1930-2002) var ein fransk sosiolog og antropolog som var spesielt opptatt av samfunnsmessig makt og korleis maktforhold verka i det skjulte. Han er kjent for sentrale omgrep som habitus, kapitalformer, sosial kapital, økonomisk kapital, kulturell kapital og symbolsk kapital. (Kjelde: Wikipedia)

Etter mykje tull og tøys om Pierre Bourdieu, munna diskusjonen ut med at det var viktig at samfunnsvitarane kom seg ut i samfunnet for å få sett ting på plass.

- Når siviløkonomar frå BI og Markedshøyskolen seier at me må bruka ein ny og trendy modell for å styra ein bedrift eller ein annan arbeidsplass på, er det viktig at det er samfunnsvitarar der som kan seia at det er "bullshit." Samfunnsvitarane er bolverk mot bullshit, slo han fast.

- Det kan bli eit glimrande slagord for SV-fakultetet. Bolverk mot bullshit, repliserte Janne Haaland Matlary.

- Staten må ta seg råd til å finansiera SV-fakultetet i minst 50 år til, sjølv om det kanskje blir lagt ned etter valet på måndag, vitsa Thomas Seltzer.

Både studentar og tilsette lo godt av den ironiske radbrekkinga av teoriane til Pierre Bourdieu og dei som brukte teoriane hans for å imponera medstudentar eller arbeidskollegaer.

Les meir om jubileumsprogrammet til Det samfunnsvitskaplege fakultetet.

FULLT JUBILEUMSTELT: Thomas Seltzer klarte å fylla jubileumsteltet til SV-fakultetet med SV-kontoret. Publikum blei også tankefulle i mellom lattersalvene. (Foto: Martin Toft)

 

Emneord: SV-fakultetet Av Martin Toft
Publisert 5. sep. 2013 17:36 - Sist endra 5. sep. 2013 18:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere