– Forsvarar innføring av graderte karakterar på medisin

– Karakterar kan inspirera nokon til å gjera det veldig godt. Slik forsvarar studiedekan Ingrid Os på Det medisinske fakultetet forslaget om å innføra graderte karakterar på medisinstudiet.

MEIR AKTIVE: – Studentane har arbeidd svært aktivt imot karakterar. Me skulle gjerne sett at dei var meir aktive på andre område også, synest studiedekan Ingrid Os på Det medisinske fakultetet.

Foto: Horgmo, Med.fak. UiO

– Før studieplanen Oslo 96 blei innført hadde medisinstudiet karakterar frå 0-12. Etter at denne studieplanen blei tatt i bruk, blei det gamle karaktersystemet erstatta med bestått/ikkje bestått. Eitt av dei viktigaste argumenta for det, var at studentane begynte med Problembasert læring (PBL) Dei som gjekk i brodden for den reforma meinte at bestått/ikkje bestått ville verka fremjande på læringa, seier Ingrid Os.

Hindrar mobilitet

No er ein heilt ny studieplan i ferd med å erstatta Oslo 96.

– Me vil i mindre grad bruka Problembasert læring og i større grad bruka anna studentaktiv læring, spesielt innanfor klinisk undervisning. Det har vore viktig for oss å få fram at me ville bruka andre læringsformer enn passive forelesingar, understrekar ho.

– Men kvifor er det så viktig å få tatt i bruk karakterar på nytt?

– Fleirtalet i prosjektgruppa for den nye studieplanen ynskjer å få inn karakterar som fortel meir enn bestått/ikkje bestått. Karakterar kan inspirera nokon til å gjera det veldig godt, slik er det ikkje i dag. Legar frå andre land har karakterar. Internasjonalt er mobiliteten hos legar svært høg, Om dei ferdigutdanna legane frå UiO søkjer seg inn i andre land, vil dei ikkje vera aktuelle i det heile tatt fordi dei ikkje har gradert karakter. Det finst det fleire døme på frå Storbritannia. Med bestått/ikkje bestått blir våre nyutdanna legar lagde i den store bunken av uaktuelle søkjarar utan å bli vurderte.

Treng ikkje turnusteneste for å få autorisasjon

– Fleirtalet av studentane er i mot at medisinstudiet får karakterar. Kvifor vil de ikkje ta omsyn til deira syn?

– Eg har stor forståing for at studentane fryktar ei endring og meir stress. Faktum er at det er mykje konkurranse i dag om turnustenesta. Mange av studentane er svært konkurransedyktige og byggjer opp sin eigne cv-ar. Frå og med i fjor får ferdige medisinkandidatar i Noreg autorisasjon som legar med ein gong studiet er avslutta. Tidlegare måtte dei ha gjennomført turnustenesta før dei kunna praktisera som legar. Noreg er dermed no på linje med resten av Europa.

– NTNU og Universitetet i Tromsø har ikkje innført karakterar på medisinstudiet. Tyder ikkje det på at det ikkje er behov for karakterar?

– Me vurderer det slik at det er viktig å gå tilbake til karakterar etter at studierevisjonen er gjennomført. Om det er dårleg gjennomsnittskarakter på eit semester, kunne me ha gjort noko med undervisninga. For oss ville det ha vore ein stor fordel om fleire enn 25 prosent av medisinstudentane deltok i evalueringa av undervisninga. Mange tidlegare studentar seier til oss som enkeltpersonar at dei gjerne skulle hatt karakterar. Prosjektgruppa med unntak av studentrepresentantane går difor inn for det,

Meir praksis i allmenn- og samfunnsmedisin

– Åtte av ti studentar på medisinstudiet seier likevel nei. Vil de ikkje ta omsyn til det?

– Studentane har arbeidd svært aktivt imot karakterar. Me skulle gjerne sett at dei var meir aktive på andre område også. Dei bør heller delta i arbeidet med å sjå på om alle emne skal ha karakterar eller om nokon berre skal ha bestått/ikkje beståt, seier Ingrid Os.

Etter at studieplanen er gjennomført, vil det vera det åtte modular på studiet. Det blir fleire valfrie emne.

– Det vil me nytta oss av under skiftet frå gammal til ny studieplan. Ei anna viktig endring i den nye studieplanen er at det blir meir praksis retta mot allmennmedisin og samfunnsmedisin enn berre mot sjukehusmedisin. På den måten kan dei som ferdigutdanna legar ta seg godt av folk ute i distrikta, er ho viss på.

Ifylgje studiedekan Ingrid Os er innhaldet i den nye studieplanen blitt godt mottatt.

– Det er studentane som protesterer mest mot innføring av karakterar, få av dei som underviser studentane er imot, understrekar Ingrid Os.

Etter planen skal den nye studieplanen på medisinstudiet takast i bruk for det studentkullet som begynner hausten 2014. Dei vil bli dei første studentane som får graderte karakterar.

Fakultetsstyret på medisin tar den endelege avgjerda i denne saka tysdag 17. september.

Emneord: Studentforhold, Medisin, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 11. sep. 2013 14:17 - Sist endra 11. sep. 2013 14:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere