Forfylgde studentar skal få vern på UiO

Studentar som blir forfylgde fordi dei kjempar for menneskerettar og demokrati, skal no få vern på same måte som forfylgde akademikarar. Det er klart etter at to studentorganisasjonar saman med UiO i dag danna «Students at Risk».

UD GIR PENGAR: UD gir 23,5 millionar kroner til ordninga med "Students at Risk", opplyste utanriksminister Espen Barth Eide. Det gledde SAIH-leiar Anja Bakken Riise.

Foto: Martin Toft

I første omgang vil det vera Universitetet i Oslo som skal gi vern til forfylgde studentar som treng fred og ro for å fullføra studiet sitt. «Students at Risk» er skoren over same lest som organisasjonen «Scholars at Risk» som fekk UiOs menneskerettspris i fjor. Det er Studentane og akademikarane sitt internasjonale hjelpefond (SAIH) som saman med Norsk studentorganisasjon og Universitetet i Oslo har tatt initiativet til at det blir oppretta ei slik ordning.

Får 23,5 millionar frå UD

Utanriksdepartementet gir 23,5 millionar over fire år til arbeidet med «Students at Risk», opplyste utanriksminister Espen Barth Eide då ordninga blei lansert på Blindern i dag.

– Me må hjelpa studentar som forsvarar menneskerettane for andre og må betala for det med tapt studieplass eller fengselsstraff. Nokre av dei er også førebudde på å ofra sitt eige liv for dette arbeidet. Noreg må gi noko og så får me noko igjen. Norske studentar får møta studentar med ein heilt annan erfaringsbakgrunn enn deira eigen. Det blir eit betre verd for alle om alle land respekterer menneskerettane, slo utanriksministeren fast.

– Makthavarar utviser politisk aktive studentar

Leiaren for SAIH, Anja Bakken Riise var svært glad for at ideen om ei slik ordning no er blitt røyndom. – SAIH har jobba lenge med studentar som er blitt forfylgde for å bruka ytringsfridomen sin i land som Zimbabwe og Colombia. Den beste måten å undertrykkja politisk aktive studentar på, er å utvisa dei og ta frå dei studieplassen. Mange av dei blir også sett rart på, både av familien, fjerne slektningar og naboar fordi dei mista studieplassen på grunn av noko dei heldt på med utanfor studiet. Me set difor pris på at Universitetet i Oslo har gjort det mogleg å lata forfylgde studentar få fullføra studia sine på dette universitetet, sa Bakken Riise.

 

– Må støtta studentar som kjempar for ytringsfridom

Også UiO-rektor Ole Petter Ottersen var svært nøgd med at det har vore mogleg å få til eit vern for studentar som blir trakasserte av styresmaktene i heimlanda sine.

– I fjor fekk den iranske studenten Majid Tavakoli Studentanes fredspris frå Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim. Han mista retten til å studera og blei dømd til ni års fengsel for å ha kjempa for menneskerettane i Iran. Desse studentane må me støtta. Og me må syta for at ytringsfridomen blir respektert også utanfor våre grenser. Verda går framover nettopp på grunn av universiteta og ikkje minst på grunn av studentane, konstaterte han.

– Sender ein viktig bodskap

Studentaktivist Ayaba Cho Lucas frå Kamerun var student då han blei arrestert for å ha kravd ytringsfridom og respekt for menneskerettane i heimlandet sitt. – Eg blei

VIKTIG BODSKAP: Dette vil senda ein viktig bodskap til dei som utviste meg frå universitetet i Kamerun, sa studentaktivist Ayaba Cho Lucas. UiO-rektor Ole Petter Ottersen oppfordra andre universitet og høgskular til også å bli med i ordninga "Students at Risk". (Foto: Martin Toft)

utvist frå universitetet, fengsla og torturert. Eg heldt ut nettopp fordi eg følte at eg var fange for eit større gode. Det var ein god nok gevinst for meg, fortalde han.

– Ordninga med vern for forfylgde studentar vil senda ein viktig bodskap til dei som utviste meg frå universitetet, var han overtydd om.

Oppfordrar fleire til å bli med

Både UiO, SAIH og Norsk studentorganisasjon håpar at andre universitet og høgskular også vil melda seg på denne ordninga i tida som kjem.

– UiO var også første medlem i «Scholars at Risk», og no er nesten alle universitet og høgskular med i den ordninga. Me håpar noko liknande kan skje med «Students at Risk», sa Ole Petter Ottersen. – Og «Scholars at Risk" sitt hovudkontor i New York er godt informert om dette tiltaket, men har ikkje ressursar til å driva dette arbeidet sjølve. Difor ynskjer dei oss lykke til, sa Anja Bakken Riise.

 

Emneord: Studentsaker, Menneskerettar, Studentforhold, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 3. sep. 2013 14:59 - Sist endra 4. sep. 2013 11:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere