UiO-rektor: – Utdanningspolitikk må på dagsordenen i valkampen

– Utdannings- og forskingspolitikk må på dagsordenen i valkampen. Det må alle dei 200 000 norske studentane sørgja for skjer, sa UiO-rektor Ole Petter Ottersen i talen til dei nye studentane på Universitetsplassen i ettermiddag.

FYLTE OPP UNIVERSITETSPLASSEN: Mange tusen nye studentar fylte opp Universitetsplassen for å høyra UiO-rektor Ole Petter Ottersen tala til dei.

Foto: Ola Sæther

Over 3000 nye studentar trassa det kalde og sure sommarveret i Oslo for å høyra UiO-rektor Ole Petter Ottersen, ordførar Fabian Stang og leiar for Studentparlamentet, Gabrielle Legrand Gjerdset  tala til dei.

Først ut var rektor Ole Petter Ottersen. Han tok utgangspunkt i den første kvinnelege studenten på universitetet, Cecilie Thoresen og hennar kamp for å studera. – I 1912 blei Kristine Bonnevie den aller første kvinnelege professoren, men då måtte Grunnlova endrast for at det skulle realiserast. Og året etter i 1913 fekk alle kvinner i Noreg røysterett, peika han på.

– Studentutvekslinga er blitt betre

Ottersen kom også med ei sterk oppfordring til studentane om å delta i demokratiske forum og engasjera seg i politikk. – I Noreg har Kvalitetsreforma fungert i ti år. Den har opna opp for studentutveksling i heile Europa i langt større grad enn det som var tilfellet då eg var student. Men det er berre 10 prosent av norske studentar som nyttar seg av denne sjansen til å reisa ut og få nye venner og kontaktar som kan verta ein del av resten av livet ditt. Dette er altfor lågt. De må gripa denne sjansen, var oppfordringa frå Ottersen til dei nye studentane.

– Heiltidsstudenten er utryddingstruga

Likevel tykte han ikkje Kvalitetsreforma hadde lykkast med målet om at fleire studentar skulle gjennomføra studiet på normert tid. – Det er framleis altfor mange studentar som brukar altfor lang tid på studia sine eller dei fell heilt frå. Ein viktig grunn til dette er at reforma ikkje tok omsyn til studentøkonomien. Det er flott at studentane arbeider ved sida studia, men ikkje viss økonomien tvingar studentane til å arbeida så mykje at det går ut over studia, peika han på. Ottersen viste til at stipenda og låna i Statens lånekasse blei auka i statsbudsjettet for 2003, då Kvalitetsreforma blei innført. Seinare har det gått jamt nedover. I dag tilsvarar den samla støttesummen for kvar einskild student 1,1 gonger grunnbeløpet i Folketrygda, medan det var på 1,4 i 2003. Samtidig bustadkostnadene skote i veret. Heile 74 prosent av studielånet går med til å bu i dag. Det trengst altså fleire studentbustader, sa Ottersen.

– De må utfordra politikarane

– Me rosar oss av at det er lik rett til utdanning i dette landet, men den situasjonen er under press. Eg vågar difor denne påstanden: Heiltidsstudenten er ein utryddingstruga art. Stortingsvalet bør difor bli eit val om kva ambisjonsnivå me skal leggja oss på i høgare utdanning. Mitt ynskje er at de bidrar til debatten og at de utfordrar politikarane i denne valkampen. Om Noregs 200 000 studentar står saman om dette, vil stemma høyrast, slo han fast. – Lat oss gjera Stortingsvalet 2013 til eit val om utdannings- og forskingspolitikk. Bruk stemmeretten til å markera at lik rett til utdanning må vera reell, sa universitetsrektoren.

Leiar for Studentparlamentet, Gabrielle Legrand Gjerdset var einig i alt som UiO-rektor Ole Petter Ottersen hadde sagt.

– Eg er glad for at eg bur i eit land der utdanninga er gratis. Men lesesalane bør pussast opp, og det bør byggjast fleire studentbustader, kravde ho.

Axel Fjeldavli talte på vegner av dei nye studentane.

– De bør nytta dykk av at alle no er frie til å skaffa seg kunnskap på universitetet. Det er ikkje lenger nokon elite som har det privilegiet at dei kan få seg høgare utdanning. No er det vår oppgåve å syta for at det også blir slik i resten av verda, understreka han.

 – Ta dykk ein real fest!

Sist ut av talarane var Oslo-ordførar Fabian Stang. Han oppfordra studentane til å ta Oslo i bruk, både å gå i Marka og gå på byen. – Ta dykk ein real fest, men pass på at det skjer i former som gjer at absolutt alle studentar føler seg inkluderte, var appellen hans til dei nye studentane på Universitetsplassen i ettermiddag.

Emneord: Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 12. aug. 2013 17:46 - Sist endra 13. aug. 2013 10:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere