To UiO-miljø i finalerunden for nye prestisjesenter
Universitetet i Oslo har to av til saman åtte fagmiljø som er med i finalerunden om å bli eitt av tre nye senter for framifrå utdanning.
Det er Centre for Entrepreneurship (Senter for entreprenørskap) og Health and Social –Unlimited som er dei to UiO-søkjarane som framleis er med i konkurransen om å bli eitt av dei tre nye sentra for framifrå utdanning.
Frå før har UiO saman med Universitetet i Tromsø eitt senter for framifrå utdanning. Det er ProTed (Centre for Professional Learning in Teacher Education som var ein pilot som blei oppretta i 2011 og som var avgrensa til lærarutdanningane.
Status som Senter for framifrå utdanning skal tildelast miljø som allereie kan visa framifrå kvalitet og nyskapande praksis i utdanninga. Eit viktig krav til sentra er formidling av oppnådde resultat og kunnskapsspreiing, skriv NOKUT på sine nettsider. Sentra vil få tildelt tre millionar kroner årleg i fem år. Etter den første perioden kan dei søkja om å få halda fram som framifrå senter fem år til.
Kva fagmiljø som til slutt blir peika ut til å bli Senter for framifrå utdanning blir kunngjort på NOKUTs jubileumskonferanse 8. november.
Dette er dei åtte finalistane:
- Norges Musikkhøgskole - Centre of Excellence in Music Performance Education (CEMPE)
- NTNU - Innovative teaching in information Technology (2IT)
- NTNU - Transformative Learning in Architectural Education (TransARK)
- Universitetet i Agder - Centre for Research, Innovation and Coordination of Mathematics Teaching (MatRIC)
- Universitetet i Bergen - Centre for Excellence in Biology Education (BioCEED)
- Universitetet i Oslo - Centre for Entrepreneurship
- Universitetet i Oslo - Health and Social - Unlimited
- Universitetet i Tromsø - Centre for Inter-professional Education in Health (INTERPROF)
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere