Studentane strøymer inn på Universitetet i Oslo

Idag er dei nye studentane på plass ved Universitetet i Oslo. I formiddag møter dei faddergruppa si, før dei deltar på velkomsseremonien for nye studentar på Universitetsplassen klokka 15.00 i ettermiddag.

FADDERGRUPPER:  Nokre av dei nye studentane møter faddergruppa si på Blindern.

Foto: Ola Sæther

UiO-rektor Ole Petter Ottersen, ordførar Fabian Stang og den ferske studenten Axel Fjeldavli er tre av dei som vil tala til dei nye studentane frå talarstolen framfor den nyrestaurerte Midtbygningen (Domus Media) i ettermiddag. Dette har vore ein tradisjon heilt sidan 1923.

Og dei som har lyst, kan dra vidare og delta på velkomstfesten for nye studentar i Studentersamfundet i Chateau Neuf. Og i morgon er det avspark for Studentfestivalen i Oslo. Og den varer heilt fram til 24. august.

Emneord: Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 12. aug. 2013 10:57 - Sist endra 12. aug. 2013 11:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere