Høgre vil at private aktørar kan driva studentbustader

Stortingskandidat for Høgre, Kristin Vinje og Arbeidarpartiets stortingskandidat Marianne Aasen lovar begge pengar til forsking og høgare utdanning. Men medan Kristin Vinje vil løysa bustadproblema for studentane ved å sleppa til private aktørar, avviser Marianne Aasen ei slik løysing. Det kjem fram i kunnskapsduellen Uniforum har invitert dei to til.

DUELL: Stortingskandidat Kristin Vinje frå Høgre og stortingskandidat Marianne Aasen frå Arbeidarpartiet er ueinige i spørsmålet om det skal opnast for at private aktørar skal driva studentbustader.

Foto: Ola Sæther

– På kva område innanfor forskingspolitikken har den raudgrøne regjeringa lykkast best dei åtte åra den har sete med makta, Marianne Aasen?

– Me har klart å få til eit svært løft i overføringane til både forsking og høgare utdanning i desse åra. Til saman har løyvingane auka med over 32,1 prosent. Og me har også laga ei ambisiøs forskingsmelding og lagt fram ein langtidsplan for forsking. Det har me grunn til å vera stolte av.

– Er du einig i denne vurderinga, Kristin Vinje?

Kristin Vinje:

50 år

Stilling: Finansbyråd i Oslo

Stortingskandidat for Høgre i Oslo

– Det er bra at overføringane til forsking og høgare utdanning har auka. Men det er kanskje ikkje så rart at løyvingane har auka med 32,1 prosent på dei åtte åra, når det samla statsbudsjettet har auka frå 600 milliardar til 1000 milliardar i den same perioden. Løyvingane til forsking og utvikling sin del av statsbudsjettet er den same i 2013 som i 2006, altså 3,7 prosent. Arbeidarpartiet har late SV sitja altfor lenge med makta i Kunnskapsdepartementet. Det begynte med kvileskjeret til Øystein Djupedal, og seinare har ikkje forsking og høgare utdanning akkurat vore det store satsingsområdet til regjeringa. Det er grunnen til at Noreg ligg langt etter dei andre nordiske landa på OECD-statistikken over kva land som brukar mest til forsking.

– Statistikken til OECD må me kunna stola på, Marianne Aasen?

Marianne Aasen:

46 år

Stilling:

Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og leiar for Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen

Stortingskandidat for Arbeidarpartiet i Akershus

– Det er ein grunn til at Finland er betre og to grunnar til at Sverige er betre enn oss på OECD-statistikken. Om me tar bort Nokia og alle pengane selskapet brukar på forsking, vil Finland liggja om lag likt med Noreg når det gjeld kor store delar av bruttonasjonalproduktet som går til forsking og utvikling. I Sverige er det Ericsson og Volvo som er dei to store lokomotiva innanfor forsking. Om desse to selskapa sine investeringar i forsking blir tatt bort, vil også Sverige liggja ganske likt med Noreg når det gjeld forsking og utvikling sin del av bruttonasjonalproduktet, understrekar Aasen.

Uniforum: – Men Nordens aller største og mest verdifulle selskap er Statoil. Blir ikkje deira forskingsinvesteringar rekna inn i statistikken til OECD?

– Mykje av deira teknologiutvikling tel ikkje, fordi det blir kategorisert som råvareproduksjon. Og i bruk av offentleg løyvde pengar til forsking og utvikling fordelt på kvar innbyggjar, ligg me best an i Norden, poengterer Aasen.

– Forundring

– Kva synest du om dette, Vinje?

– Eg er ikkje akkurat imponert over desse tala. Me må heller sjå på kva regjeringa gjer i praksis i forskingspolitikken. Ein stadig større del av forskingsløyvingane går til deltaking i EUs rammeprogram, og eg meiner det er sjølvsagt at Noreg skal delta der. Det var difor ikkje bra at regjeringa brukte så mange månader på å bestemma seg for om Noreg skulle bli med i EUs neste rammeprogram for forsking, Horisont 2020. No sa dei ja til slutt, men det skapte masse forundring i forskings-Noreg at regjeringa nølte så lenge med å ta ei avgjerd i denne saka som er så viktig for framtida til forskinga.

Aasen: – Ein så konkret budsjettlovnad som å forplikta seg til å delta i EUs rammeprogram krev ei anna regjeringshandsaming enn å vedta ei stortingsmelding, som vanlegvis ikkje handlar om konkrete løyvingar.

– Medan regjeringa har gått bort frå å ha ein frist for å nå målet om at 3 prosent av bruttonasjonalproduktet skal gå til forsking, har Høgre sagt at de vil nå målet i 2030. Samtidig vil de at det nedlagde forskingsfondet skal bli erstatta med ein eigen pott på 100 milliardar kroner øyremerkt forsking i Statens pensjonsfond utland. Er det ambisiøst nok til å kunna kallast ei forskingssatsing, Vinje?

– Ja, det synest eg. Og eg trur det er viktig å setja ein tidsfrist. Det viser at me meiner alvor.

Aasen: – Fleire forskarar i NIFU meiner me ikkje burde hatt noko mål om tre prosent av BNP i det heile tatt. Men alle partia i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen er einige om at det er viktig å ha eit slikt mål å styra etter.

Høgre vil spissa dei beste universitetsmiljøa

Uniforum: – Under Bondevik II-regjeringa foreslo Ryssdal-utvalet at universiteta og høgskulane burde organiserast som statlege forvaltingsorgan, slik som sjukehusa blir styrte i dag. Forslaget vekte sterke reaksjonar og førte til at forskarar danna protestaksjonen Vox Academica, der tidlegare Høgre-statsråd Astrid Nøklebye Heiberg spelte ei viktig rolle. Til slutt valde dåverande forskings- og utdanningsminister Kristin Clemet ikkje å leggja fram dette forslaget. Vil ei borgarleg regjering på nytt gjera eit forsøk på å fremja eit liknande framlegg, Vinje?

Nei, det vil me ikkje! Det me derimot ynskjer, er at det blir sett nærare på finansieringsordningane for universitet og høgskular. Truleg kan det skje endringar på det området.

Aasen: – Og regjeringa har nettopp sett ned eit utval, leidd av SV-dekan Fanny Duckert ved UiO, som skal sjå på og vurdera finansieringssystema for universiteta og høgskulane. Arbeidet skal vera ferdig i løpet av 2014.

– Korleis ser de på at mange høgskular gjerne ynskjer å bli universitet?

Vinje: – For oss er det viktigare å spissa dei beste universitetsmiljøa enn å opna for at endå fleire høgskular skal få status som universitet. Høgre vil evaluera både struktur og finansieringsordningar før det spørsmålet er aktuelt.

Fusjonar viser at politikken fungerer

Aasen: – SAK-midlane fungerer eit stykke på veg. Det viser det faktum at Høgskulen i Finnmark no fusjonerer med Universitetet i Tromsø, at høgskulane i Oslo og Akershus er blitt ein og at høgskulane i Vestfold og Buskerud også er i ferd med å slå seg saman. Heller ikkje Arbeidarpartiet trur at høgskulane treng å blir betre av å bli universitet. Uansett fylgjer det ikkje meir pengar ved ei slik endring.

– Sjølv om løyvingane til universiteta og høgskulane går opp, klagar studentane framleis over at studiefinansieringa ikkje er god nok og difor er det umogleg for dei å vera heiltidsstudentar. Kva kommentar har de til det?

Vinje: – Ja, det er viktig å sikra studiefinansiering, slik at unge menneske uavhengig av foreldra sin økonomi skal kunna ta høgare utdanning. Me må også byggja endå

fleire studentbustader, særleg her i Oslo. Oslo kommune samarbeider nært med Studentsamskipnaden i Oslo om å regulera tomter til studentbustader. Men staten som løyver pengane til bygging av nye studentbustader, har ikkje prioritert Oslo, som opplever eit stort prispress på bustadmarknaden. Målet vårt er å byggja fleire bustader, men også opna for å fjerna kostnadstaket og opna for meir samarbeid med private selskap, slik at fleire studentar som kjem til Oslo får eit butilbod, lovar Vinje.

 – Kva synest du om denne kritikken, Aasen?

– Først seier Vinje at dei samarbeider nært og godt med Studentsamskipnaden i Oslo, før ho i neste omgang gjerne vil opna for å sleppa private aktørar inn på bustadmarknaden for studentar. Ordninga med studentsamskipnader fungerer veldig bra. Det er ikkje berre i Oslo det er eit stort press på bustadmarknaden. I Stavanger er faktisk bustadprisane vel så høge. Dessutan, så lenge universiteta også tar opp studentar på fag som det ikkje er løyvd offentlege pengar til, fordi dei trur at mange av dei likevel kjem til å slutta, legg dei endå større press på bustadmarknaden for studentar. For alle studentar skal jo ha tak over hovudet.

Talentfulle forskarar bør få ledige stillingar

Akkurat no er det i ferd med å skje eit generasjonsskifte på universiteta og høgskulane. 1968-generasjonen går av for aldersgrensa og dermed blir det i teorien ledige vitskaplege stillingar på universiteta og høgskulane. På grunn av at mange fakultet har dårleg økonomi, let dei desse stillingane stå tomme i staden for å tilsetja talentfulle, yngre forskarar. Kva vil de gjera med det problemet?

Aasen: – Eg ynskjer ikkje å detaljstyra avgjerdene til universiteta og høgskulane. Det bør ikkje vera noko problem med etterveksten. Det står mange talentfulle

forskarar i kø som gjerne vil ha ei fast vitskapleg stilling. Og det bør dei få.

Vinje: – Ja, universiteta og høgskulane må kunna tilsetja unge, talentfulle forskarar i desse stillingane. Men me kan heller ikkje gå inn og bestemma kva universiteta og høgskulane vel å gjera. Oppgåva vår er å leggja forholda til rette for at dei unge forskarane kan overta etter dei som går av for aldersgrensa. Me har som mål å byggja kunnskapsnasjonen, då må me sleppa unge talent til!

Uniforum: Godt val!

Vinje og Aasen: Takk for det!

 

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. aug. 2013 10:16 - Sist endra 23. aug. 2013 14:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere