Nye ansikt i rektoratet

Prorektor Ruth Vatvedt Fjeld og viserektor Knut Fægri er dei nye ansikta i rektoratet til Ole Petter Ottersen. Denne veka inntok dei 9. etasje i Lucy Smiths hus.

NYE KREFTER: Knut Fægri er begynt i vervet som viserektor og Ruth Vatvedt Fjeld har overtatt som prorektor etter Inga Bostad. Denne veka hadde dei sin første arbeidsdag i Lucy Smiths hus.

Foto: Ola Sæther

– Utsynet over Oslo frå prorektorkontoret er flott, synest prorektor Ruth Vatvedt Fjeld. – For 15 år sidan då eg var prorektor, var det endå meir interessant, for då kunne me sjå flya gå inn for landing på Fornebu, minnest viserektor Knut Fægri.

Begge har hatt ei mjuk opning på den første veka i rollene som prorektor og viserektor. – Dei første dagane har eg drive og observert litt, samtidig som eg har gått leksikografi-konferansen som eg er medarrangør av, fortel Ruth Vatvedt Fjeld.

– Om kort tid må eg til Bali for å delta på presentasjonen av eit nytt forskingsprosjekt, legg ho til.

Frå dekan til viserektor

For Knut Fægri har overgangen frå dekanvervet på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet til vervet som viserektor vore langt mindre dramatisk enn rollebytet frå språkprofessor til prorektor har vore for Ruth Vatvedt Fjeld.

– Eg kan halda fram med det same som eg jobba med tidlegare. Arbeidsoppgåvene mine blir jo å jobba for å få etablert ein senter for livsvitskap, men også å jobba generelt med infrastrukturen for forsking. Så skal eg sjå nærare på den eksternt finansierte forskinga, som er ein del av prosjekta til Internt handlingsrom, seier Fægri.

– Er det mykje som er annleis etter at du gjekk av som prorektor for 15 år sidan?

– Det einaste som ikkje er heilt annleis er Administrasjonsbygningen, altså Lucy Smiths hus, smiler han.

– Skal jobba med lærarutdanninga

Ruth Vatvedt Fjeld har også fått klare arbeidsoppgåver i rektoratet.

– Eg skal sjølvsagt steppa inn for rektor når det er behov for det. Og eg skal bruka ein god del krefter på å jobba med lærarutdanninga og lektorutdanninga på Universitetet i Oslo, fortel den nye prorektoren. No ser begge fram til valkampen og Stortingsvalet.

– Me håpar og trur universiteta og forskinga kan vera med på å prega debatten, understrekar begge to. Ruth Vatvedt Fjeld skal dessutan arbeida med nokre av dei same områda som forgjengaren Inga Bostad.

– Likestillingsarbeidet på UiO blir ei viktig oppgåve for meg. Sidan eg er språkprofessor i nordisk håpar eg også å få jobba for å gjera det nordiske universitetssamarbeidet endå betre, seier ho.

– Vil de få tid til å forska?

– Ja, det skal eg, seier Vatvedt Fjeld bestemt. – Eg held på med leksikografiarbeidet for bokmål, og eg er den einaste fast tilsette, så difor må eg halda fram med å jobba med det, seier ho.

– Skal leggja forholda til rette for forsking

Fægri har lagt si eiga forsking på hylla.

– No har eg vore borte frå forskinga i ti år, og det er faktisk for lenge. Difor blir hovudoppgåva mi no å jobba for å leggja forholda best mogleg til rette for forsking. Dessutan samarbeider eg tett med eit senter for framifrå forsking på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, opplyser han.

 

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 9. aug. 2013 09:23 - Sist endra 9. aug. 2013 09:29

Logg inn for å kommentere