Massedrapsmann og terrorist får ikkje studere ved UiO

Terroristen og massedrapsmannen Anders Behring Breivik skal ifølgje advokat Vibeke Hein Bæra mangle generell studiekompetanse, og kan dermed ikkje starte på studiet han har søkt på.  

 I sommar skal drapsdømte Anders Behring Breivik ha studert matematikk på vidaregåande-nivå, men han har ikkje teke eksamen. Dette seier Breivik sin advokat, Vibeke Hein Bæra, til Dagbladet.

Breivik fyller dermed ikkje formalkrava for å ta høgare utdanning.

– Han treng fleire studiepoeng for å komme inn på dei studia han ønskjer, seier Breiviks advokat Vibeke Hein Bæra til Dagbladet.

Droppa ut av vidaregåande
Breivik slutta på Oslo Handelsgymnasium i starten av tredje klasse, og tok ikkje eksamen som privatist. Ifølge advokaten vil Breivik no halde fram arbeidet med å få studiekompetanse.

Nyhenda om at Breivik var blant søkarane til statsvitskap på UiO, har fått stor merksemd også internasjonalt. Fleire av forelesarane på Blindern har sagt at dei ikkje ønskjer å ha Breivik i studentgruppa si.

– Uhyrleg
Hovudtillitsvalt i Forskarforbundet ved UiO, seier til TV2 at fleire reagerte med vantru då dei fekk høyre at Breivik var blant søkarane.

– Flere synes det er uhyrleg at han har søkt opptak ved universitetet, og spesielt statsvitskap, seier Kristian Mollestad til TV2.

Rektor Ole Petter Ottersen seier at UiO må følgje dei nasjonale reglane for opptak, og at ingen kan få avslag på særskilt grunnlag. Han har forståing for dei som ikkje vil ha Breivik blant sine studentar.

– Eg forstår at det kjem reaksjonar. Det er menneskeleg, seier Ottersen til TV2.
 
 

Emneord: Studentsaker, Studenforhold Av Ida W. Bergstrøm i På Høyden
Publisert 6. aug. 2013 09:26 - Sist endra 6. aug. 2013 09:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere