Får ikkje utlevert studentlister

Selskapet Rekruttering AS vil ikkje lenger få utlevert lister med personopplysningar over alle uteksaminerte studentar frå norske utdanningsinstitusjonar. Det har Kunnskapsdepartementet avgjort.

GLAD FOR STØTTE: – Me er sjølvsagt glade for at Kunnskapsdepartementet har støtta oss i denne saka, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Departementet slår fast at utdanningsinstitusjonane ikkje kan påleggjast å levera ut namnelister på studentar til tredjepartar, som til dømes selskapet Rekruttering AS. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Om selskapet Rekruttering AS berre vil ha namna på studentane utan adresse, telefonnummer, fag og eksamensdato, vil dei kunne få det, slår Kunnskapsdepartementet fast i vedtaket sitt. Dei grunngjev avgjerda om å nekta utlevering av studentlister med personopplysningar med den store arbeidsmengda som vil gå med til å fjerna opplysningar som kan avsløra personlege forhold som sjukdom og straffbare forhold. Også hemmelege adresser kan dukka opp i kontaktinformasjonen om studentane. Dette er opplysningar som offentlege institusjonar har plikt til å gjera eit unntak for frå Offentleglova. Det blir vist til Offentleglovas paragraf 13. Slike opplysningar måtte ha blitt fjerna manuelt, og det ville ha tatt mange årsverk, står det i avgjerda frå Kunnskapsdepartementet, som Uniforum sit med ein kopi av.

«Urimeleg arbeidskrevjande»

Kunnskapsdepartementet tolkar det slik at kravet om at innsyn kan nektast dersom det er «urimeleg arbeidskrevjande» i Offentleglovas paragraf 12 då er oppfylt, og dermed kan utdanningsinstitusjonane lata vera å offentleggjera desse studentlistene, står det i eit brev til norske universitet og høgskular, underskrive av avdelingsdirektør Anne Grøholt i Kunnskapsdepartementet. Likevel opnar Kunnskapsdepartementet for at klagaren, altså Rekruttering AS kan få utlevert namnelister utan adresser og telefonnummer over alle uteksaminerte kandidatar utan at det er eit brot på teieplikta.

UiO nekta utlevering

Det var i juni 2011 det blei kjent at Rekruttering AS hadde bede om og fått alle namnelister over alle uteksaminerte studentar frå UiB og NTNU i Trondheim sidan 1987. Då hadde firmaet fått klarsignal frå både Kunnskaps- og Justisdepartementet om å få desse studentlistene. Då turen kom til Universitetet i Oslo, nekta UiOs studiedirektør Monica Bakken å utlevera listene. Ho viste til at dei inneheld mange personlege opplysningar som det ville vera eit brot på teieplikta å utlevera. Det førte til at selskapet Rekruttering AS klaga saka inn for Kunnskapsdepartementet. Det er den klaga som no er blitt handsama, og dermed har ikkje Rekruttering AS fått medhald i klaga si mot avgjerda til Universitetet i Oslo om å nekta han å få utlevert desse studentlistene.

– Dårleg datasystem

Dagleg leiar Kjell T. Klynderud i Rekruttering AS er svært lei seg for at avgjerda gjekk imot han og selskapet hans.

– Eg ristar på hovudet over at Universitetet i Oslo har eit så dårleg datasystem at det ikkje med nokre få tastetrykk kan fjerna tre kolonnar som inneheld sensitive opplysningar om nokre få studentar. For meg høyrest det heilt utruleg ut at det skulle ta fleire årsverk å få det til, seier ein både opprørt og oppgitt Klynderud. Han viser til at skatteopplysningar kan vera minst like sensitive.

– Dei offentleggjer jo staten utan å nøla. Når eg treng ein del opplysningar om studentar for å kunna hjelpa dei på karrierevegen, blir det brått svært vanskeleg å få utlevert heilt vanleg informasjon om folk. Eg greier meg fint med berre namna på studentane også, men då blir det sjølvsagt meir jobb for meg å skaffa både adresser, telefonnummer og kva fag dei tok eksamen i, konstaterer han.

Har mellom 50 000 og 100 000 namn

Sjølv ser han dette som eit byråkratisk prinsipprytteri.

– Ja, eg kan ikkje kalla det for noko anna enn det. Dessutan byggjer byråkratane i Kunnskapsdepartementet på ukorrekte opplysningar frå andre byråkratar ved UiO, Universitetet i Stavanger og sekretariatet til Felles studentsystem. Denne saka har eg kjempa fram mest for andre rekrutteringsfirma sin del. Sjølv har eg mellom 50 000 og 100 000 namn på uteksaminerte studentar frå norske utdanningsinstitusjonar. No vil ingen av konkurrentane mine få dei opplysningane som eg allereie har. Så eg vil uansett klara meg fint med den informasjonen som eg har fått. Det verste er at dette går utover folk som eg kunne ha hjelpt til å få ei betre karriereutvikling, seier Klynderud til Uniforum.

I eit svar til Kjell T. Klynderud skriv Kunnskapsdepartementet at det ikkje berre er å fjerna nokre kolonner på eit Excel-ark for å unngå problemet med å gi ut personopplysningar som ikkje skal vera offentlege.  Der går det fram at det ikkje finst noko oversyn i Felles studentsystem (FS) over kva studentar som har hemmeleg adresse, og kva studentar som har adresser som kan avsløra informasjon om kandidatane som blir dekt av teieplikta. Alternativet er å ta listene ut av Felles studentsystem, og sjølv kvalitetssikra dei. Det vil vera ein enorm jobb for institusjonane, som vil utgjera rundt 3 årsverk, skriv avdelingsdirektør Anne Groholt i Kunnskapsdepartementet i brevet til dagleg leiar Kjell T. Klynderud i Rekruttering AS.

Glad UiO-rektor

UiO-rektor Ole Petter Ottersen ved UiO er svært nøgd med konklusjonen til Kunnskapsdepartementet.

– Me er sjølvsagt glade for at Kunnskapsdepartementet har støtta oss i denne saka. Den type informasjon som Rekruttering AS etterspurde, kan innehalda personsensitiv informasjon. Me er opptekne av at informasjon studentar har gitt oss til studieadministrative formål, ikkje må utleverast til tredjepart, understrekar Ottersen. Han viser til at det finst informasjon om studentar som det ikkje er noko problem å levera ut til andre.

 – Når det gjeld namnelister med oppnådd grad, så er dette informasjon som ikkje blir sett på som personsensitiv informasjon ifylgje personopplysningslova. Tidlegare blei det til dømes offentleggjort informasjon om oppnådde gradar ved UiO i aviser, peikar han på.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 31. juli 2013 12:36 - Sist endra 31. juli 2013 12:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere