Kristin Halvorsen opna CIENS toppsenter

«Du må gå dit pucken er på veg og ikkje dit den har vore». Denne setninga av ishockeyens mest kjente far, Walter Gretzky, gjorde kunnskapsminister Kristin Halvorsen til sin då ho opna det flunkande nye CIENS toppsenter i Forskningsparken i formiddag.

PANGOPNING: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen opna CIENS toppsenter i Forskningsparken med å dra i ei snor som slapp 50 ballongar ut av eit stort nett og ned over dei som var til stades.

Foto: Ola Sæther

 – Forskingsmiljøa i CIENS er eit godt bilete på tverrfaglege forskarar som samarbeider på eit høgt nivå og er på lag med framtida. For å finna gode løysingar på klimaendringane er det viktig med samarbeid mellom styresmakter, forsking og næringsliv, meinte Kristin Halvorsen.

– Klimaforliket står ved lag

For statsråden kom også med ei viktig opplysning om norsk klimapolitikk.

– Klimameldinga er nettopp ferdig handsama i regjeringa og gitt vidare til vidare handsaming i Stortinget. Den viser at klimaforliket i stor grad vil halda fram som før, medan løyvingane til klimaforskinga skal auka.Tiltak for å hindra klimautslepp blir ført vidare, fortalde Halvorsen.

Etter hennar meining har også dei siste vêrnyhenda i Noreg vore ein peikepinn på klimaendringane.

– Flaumen på Austlandet i førre veke var ei påminning om korleis desse endringane påverkar oss. Klima og miljø heng også nøye saman. Miljøgifter kan bli endå giftigare på grunn av klimaendringane.  Humanistar og samfunnsvitarar kan fortelja oss korleis klimaendringar og klimatiltak endrar samfunnet, medan forskarar i naturvitskap og teknologi kan utvikla løysingar på desse problema, peika ho på.

– Minisolcellepanel forandra livet til folk i Tanzania

UiO-rektor Ole Petter Ottersen fylgde opp innlegget til Kristin Halvorsen med å visa til korleis forskingssamarbeidet mellom UiO og Tanzania har ført til eit betre liv for folk flest.

– Der deltok me i arbeidet med å setja opp solcellepanel for å gi straum til folk på landsbygda. I Tanzania bur 80 prosent av innbyggjarane på landsbygda og berre to  prosent av dei som bur på landet har innlagt straum. Dette tiltaket får mykje å seia for å betra helsa og velferden og auka velstandsutviklinga i det landet, sa Ottersen.

Håpet for han ligg i studentane si interesse og engasjement for klima- og miljøspørsmåla.

– Gjennom innovasjonskonkurransen «Rektors utfordring» kom UiO-studentar med gode løysingar på søppelproblema i Oslo kommune. No veit eg at kommunen vil ta i bruk fleire av ideane og ikkje berre vinnarideen, opplyste han. Ottersen trekte også fram UiOs satsing på klima- og miljøforsking gjennom den tverrfaglege satsinga UiO Energi.

–Til hausten startar me eit masterkurs i berekraftige energisystem. Det er det stor interesse for, slo han fast.

Les meir om CIENS-uka

Emneord: Forskningssamarbeid, Miljøforskning Av Martin Toft
Publisert 4. juni 2013 13:06 - Sist endra 7. juni 2013 15:44

Klimameldingen om klimatilpasning i Norge http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/dok/regpubl/stmeld/2012-2013/meld-st-33-20122013.html?showdetailedtableofcontents=true&id=725930 bygger blant annet på estimater av framtidig havnivåstigning i norske kystkommuner utarbeidet av Bjerknessenteret for Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap i 2009 http://www.dsb.no/en/toppmeny/Publikasjoner/20091/Rapport/Havnivastigning/ Her fremkommer det at havet kan komme til å stige med over en meter enkelte steder langs norskekysten i løpet av dette århundre. Det er dobbelt så mye som Klimapanelet forventer at det gjennomsnittlige globale havnivået vil kunne stige i samme periode.

Den nye stortingsmeldingen ser dermed ut til å bekrefte stortingsmeldingen om norsk klimapolitikk fra 2007 som dannet grunnlaget for klimaforliket i 2008. Der ble det hevdet at havnivået langs norskekysten kan stige mer enn det globale havnivågjennomsnittet http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/dok/regpubl/stmeld/2006-2007/Stmeld-nr-34-2006-2007-/2/1/1.html?id=473415

Det er oppsiktsvekkende at Regjeringen har valgt å se bort fra Kartverkets rapport fra 2012 http://sehavniva.no/uploads/documents/Estimates_of_future_sea-level_changes_for_Norway_Simpson_et_al_2012_FINAL.pdf Det hele blir ikke mindre oppsiktsvekkende når Bjerknessenteret selv har gått ut med at estimatene i deres egen rapport er gale fordi gravitasjonseffekten ikke er tatt med: http://www.forskning.no/artikler/2012/november/339177

Både i Bjerknessenterets rapport og i stortingsmeldingen knyttes havnivåstigningen langs norskekysten til issmeltingen på Grønland.

Stortingsmeldingen om klimatilpasning i Norge skal behandles i Stortinget 19. juni. Selv om mange stortingsrepresentanter sikkert er kjent med landhevningen i Norge, er vel Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap forpliktet til å varsle Stortinget om feilene hvis Regjeringen unnlater å gjøre det?

Følg utviklingen i saken her: http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/alle_meninger/cat1003/subcat1012/thread275812/#post_275812

 

Nicolay Jautesius Stang - 5. juni 2013 19:08

Solcellepanelene er ikke mini...

Vil bare presisere at solcellepanelene i Tanzania-prosjektet har helt normal størrelse =)

Derimot er det snakk om et desentralisert mini-grid, bestående av en 10kWp solcellepark, batterier og et lokalt elektrisitetsnett. Mini-grid'et gir strøm til gatelys og husholdninger i en kystlandsby, Kisiju, som neppe vil få tilkobling til det nasjonale elektrisitetsnettet i overskuelig fremtid.

Vebjørn Bakken - 6. juni 2013 13:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere