Kollektivtransport dankar ut bilen på UiO

70 prosent av alle tilsette og studentar reiser til UiO med kollektivtransport. 23 prosent av dei tilsette og 5 prosent av studentane brukar bil. Det er likevel dei som går eller syklar som er mest nøgde med arbeidsreisa.

MEST POPULÆR: T-bana er det mest populære framkomstmiddelet for studentar og tilsette på UiO.

Foto: Martin Toft

Det viktigaste vilkåret studentar og tilsette på UiO set til det transportmiddelet dei vel, er at det må gå raskt. Om lag halvparten av bilistane på UiO ynskjer å reisa meir kollektivt, men då må dei sleppa å byta, få kortare reisetid og takstane må bli lågare.

T-bana er det mest populære kollektivtilbodet blant studentar og tilsette på UiO. Heile 55 prosent av studentane og 40 prosent av dei tilsette reiser fram og tilbake med T-bana. Deretter fylgjer buss og trikk. Berre 10 prosent av dei tilsette og 9 prosent av studentane tar toget.

14 prosent av studentane og dei tilsette syklar eller går, og dei er mest tilfredse med arbeidsreisa.

Alt dette kjem fram i «UiOs transportvaneundersøkelse 2013», som blei presentert på Blindern i dag. Den er laga på oppdrag frå Grønt UiO, og det er matematikkstudenten Kjersti Nygaard og samfunnsgeografistudenten Marianne T. Bjørndal som har gjennomført den nettbaserte undersøkinga. Dei har blitt knytte til eit forskingsprosjekt om miljøvennlege  arbeidsreiser i Oslo og Akershus, leidd av forskar Tom Erik Julsrud ved Transportøkonomisk institutt (TØI).

Studentar vil ha direktebussar

Dei studentane som har svart, vil gjerne at det blir etablert direktebussar frå studentbustadene, spesielt frå Bjølsen. Dessutan peikar både studentar og tilsette på at kapasiteten på kollektivtransporten må bli betre. Dei foreslår difor nye bussruter til Blindern, særleg frå Sagene, Torshov og Grünerløkka. I tillegg ynskjer dei seg eit betre buss-samband frå Asker og Bærum til Blindern.

Kvinnelege bilførarar kan skifta til kollektivreiser

Mellom bilkjørarane vil 47 prosent av studentane og 43 prosent av dei tilsette gjerne reisa meir kollektivt. Fleirtalet av dei er kvinner som bur i Asker, Bærum eller Oslo nord/vest. Dei aller fleste av dei arbeider også på Blindern, i Forskingsparken eller på Gaustad. Nokre av dei vil byta til kollektivtransport dersom haldeplassen ligg nærare der dei bur, om det blir fleire avgangar og færre forseinkingar. Eit tiltak som å auka parkeringsavgiftene for bil på jobben, vil berre få 1 prosent av dei bilkjørande studentane og 5 prosent av dei bilkjørande tilsette til å ta buss, trikk, tog eller T-bane.

16 prosent av bilførarane vil ikkje skifta ut bilen

Heile 19 prosent av bilførarane mellom dei tilsette og 13 prosent mellom studentane vil uansett kjøra bil, same kva som blir gjort for å få dei til å gå over til kollektivtransport. Kvinnelege studentar og tilsette vil også gjerne sykla og gå meir om forholda blir lagt til rette for det. Til saman vil då 60 prosent av studentane og 53 prosent av dei tilsette skifta ut bilen eller kollektivtransporten til fordel for sykkelen eller beina. Desse personane bur i indre Oslo og Oslo nord/vest.

Viktig med tilgang til garderobe og dusj

40 prosent av dei som har svart, viser til at dei hadde sykla eller gått om det hadde vore fleire sykkelfelt og sykkelvegar. Andre viktige vilkår er sykkelbur og andre tiltak for å unngå tjuveri, men også tilgang til garderobe og dusj er viktig for at dei skal lata bilen stå i garasjen og ta ut sykkelen eller bruka beina i staden for. 34 prosent av dei spurde meiner dei bur for langt borte til at dei kan skifta ut bilen med sykkel eller med beina.

Når det gjeld lengre reiser, er det i hovudsak dei vitskapleg tilsette som reiser langt, som regel med fly. Det er likevel svært få som svarar at deira siste arbeidsreise kunne ha blitt erstatta med videomøte. Om bruken av videomøte skal aukast, peikar dei som har svart på at dei då må få brukarstøtte og opplæring i forkant av møtet, UiO må få betre videomøterom og skaffa folk betre program for videomøte på datamaskinene.

Dei to forskarane Kjersti Nygaard og Marianne T. Bjørndal meiner det finst fleire tiltak UiO kan setja i verk for at arbeidsreisene til dei tilsette og studentane kan bli endå meir miljøvennlege.

– For at endå fleire skal sykla eller gå meir til universitetet, må det byggjast fleire gang- og sykkelvegar. Dessutan kan også innføring av ei bysykkelordning på Blindern og i studentbyane vera eit godt tiltak, synest dei rapporten viser klart. Dei oppfordrar også UiO til å setja i gang kampanjar for å få fleire studentar og tilsette til å sykla og gå meir.

– Universitetet kan også tilby betre sykkelparkering og betre og fleire garderobar både for syklande og gåande. Kollektivtilbodet kan styrkjast ved å etablera nye direkteruter til Blindern og auka kapasiteten, trur dei.

Kan redusera talet på parkeringsplassar

– Og kva kan UiO gjera for å få bilførarane til å gå over til kollektivtransport eller sykkel?

– UiO kan redusera talet på parkeringsplassar og ta betalt for parkering. Dessutan kan det informera betre om elbiltilbodet til MoveAbout på Blindern. Det må også opprettast fleire parkeringsplassar med ladestasjon, foreslår Nygaard og Bjørndal.

Etter deira meining bør UiO også leggja til rette for auka bruk av videomøte og gjera det lettare å kunna jobba eller studera heimifrå for dei som ynskjer det. Eit anna tiltak er å konsentrera undervisninga til kvart fag på færre dagar, og laga podkast av forelesingane. Dei trur også bygging av barnehagar og studentbustader i nærleiken av UiO, vil føra til mindre press på transportbehovet til og frå UiO.

Undersøkinga blei gjennomført i februar i år. Til saman fekk 32 905 studentar og tilsette tilbod om å svara på undersøkinga. 7030 personar gjorde det, og dermed fekk undersøkinga ein svarprosent på 20,4 prosent.

– Det er me svært nøgde med og det er også langt høgare enn landsdekkjande undersøkingar, der dei ofte opererer med berre 1000 svar, sa prosjektleiar for Grønt UiO, Jorulf Brøvig Silde då undersøkinga blei presentert tidlegare i dag.

 

 

GANG- OG SYKKELVEGAR: – For at endå fleire skal sykla eller gå meir til universitetet, må det byggjast fleire gang- og sykkelvegar, konstaterer forskarane Marianne T. Bjørndal (t.v.) og Kjersti Nygaard. (Foto: Martin Toft)

Emneord: Arbeidsmiljø, Miljøforskning, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 25. juni 2013 16:10 - Sist endra 25. juni 2013 16:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere