Jan Terje Faarlund får svensk prestisjepris

Språkprofessor Jan Terje Faarlund er tildelt den svenske Gaud Rausing-prisen. – Eg er overraska, overvelda og glad for tildelinga, seier Faarlund i ein kommentar på nettsidene til Institutt for lingvistiske og nordiske studium.

FÅR SVENSK PRIS: Professor i nordisk språkvitskap, Jan Terje Faarlund , er tildelt den svenske Gaud Rausing-prisen på 1 million svenske kroner.

Foto: Ram Gupta, UiO

Jan Terje Faarlund er professor i nordisk språkvitskap ved UiO, og han er den andre norske forskaren som får denne æra sidan prisen blei oppretta. Faarlund får Gad Rausing-prisen for innsatsen han har gjort for deskriptiv og teoretisk lingvistikk og hans evne til å formidla forskinga vidare til eit breitt publikum.

Prisen er på 1 million svenske kroner og blir delt ut kvart år til ein nordisk forskar som visa til framifrå forskingsinnsats innanfor humaniora.

Den første nordmannen som fekk prisen, var historieprofessor Einar Niemi ved Universitetet i Tromsø. No blir altså Jan Terje Faarlund den andre nordmannen som får denne prestisjetunge prisen som blir delt ut av Kungliga Vitterhetsakademien. Det er eit vitskapskakademi for dei humanistiske faga i Sverige.

Sveriges konge Carl Gustav deler ut prisen i Stockholm den 20. mars.

Les meir om Gaud Rausing-prisen.

Les meir om Jan Terje Faarlund.

Emneord: Språkpolitikk, Priser, Lingvistikk
Publisert 21. feb. 2013 15:11 - Sist endra 21. feb. 2013 15:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere