Eldgamle arabiske manuskript kan ha gått tapt i Timbuktu

Mali har i mange år vore eit viktig samarbeidsland for Universitetet i Oslo. Dei gamle arabiske manuskripta i den myteomspunne ørkenbyen Timbuktu blir det forska på ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS). Denne veka har maliske og franske styrkar tatt byen tilbake frå dei islamistiske gruppene, melder både BBC og NRK.

UNIVERSITET: I middelalderen var denne moskeen brukt som vitenskapssenter. Den gang var det så mange som 20-25 000 studenter her! (Arkivfoto: Berit Smestad Paulsen.)

Mange fryktar at fleire av dei over 100 000 eldgamle arabiske manuskripta i Timbuktu har gått tapt etter at dei islamistiske gruppene prøvde å setja fyr på bygningen der dei blir tatt vare på, før opprørarane flykta frå dei maliske og franske styrkane då dei tok tilbake byen denne veka. Førebels er det ikkje stadfesta at nokre av manuskripta er blitt øydelagde.  

I 2003 kringkasta NRK to program om Timbuktu som var laga av Carsten Sørensen ved InterMedia på Universitetet i Oslo og Tor A. Benjaminsen ved Universitetet for miljø og biovitskap på Ås (UMB). Det første programmet har tittelen "Timbuktu del 1 - Fra eldorado til utkant" medan det andre programmet handlar mest om folkegruppa tuaregane og har tittelen "Timbuktu del 2 - der vann er liv og melk er føde".

Dei som ynskjer å læra meir om Timbuktu og om tuaregane, kan klikka seg inn på lenkja under og sjå dei to programma, som no er blitt  svært aktuelle igjen:

http://www.uv.uio.no/intermedia/tjenester/videoproduksjon/produksjoner/timuktu.html

Les også om Mali i desse artiklane i Uniforum:

Malis president opna utstilling om Timbuktu

UiO-forskere verdsettes i Mali

Timbuktu i beste sendetid

Malis president besøkte UiO

Gir skolebøker til barn i Mali som dåpsgave til Ingrid Alexandra

Medisinmennene hadde rett

Uniforum vil koma tilbake med meir stoff om Mali både i papirutgåva den 14. februar og i uniforum.uio.no.

 

 

Emneord: Mali, Afrika, Naturfag, Realfag Av Martin Toft
Publisert 29. jan. 2013 10:39 - Sist endra 29. jan. 2013 12:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere