UiO ikkje lenger mellom dei 200 beste

Universitetet i Oslo hamnar på 202. plass på dagens rangering til Times Higher Education over verdas beste universitet. UiO gjer det likevel best av dei norske universiteta, som alle gjer det langt dårlegare enn danske og svenske universitet.

NY UNIVERSITETSBYGNING: Investeringane i den nye informatikkbygningen, Ole-Johan Dahls hus, har ikkje ført Universitetet i Oslo oppover på rankinga over verdas beste universitet.

Foto: Ola Sæther

Dermed klarte ikkje Universitetet i Oslo å klatra oppover frå den 181. plassen universitetet fekk i fjor. Trøysta må vera at Universitetet i Bergen fall endå lenger ned. Det hamna ein eller annan stad mellom nummer 226 og 250. Like under finn me NTNU i Trondheim som er mellom dei 251. og 275. beste universiteta i verda, saman med Universitetet på Island. Universitetet i Tromsø er også kome langt ut i hengjemyra. No ligg det mellom dei 301. og 350. beste universiteta.

Best av alle er California Institute of Technology medan Oxford University og Stanford deler andreplassen. Dermed kjem verdas mest prestisjetunge universitet, Harvard på ein fjerdeplass på denne rankinga. 75 av verdas 200 beste universitet ligg i USA, medan 31 ligg i Storbritannia. Det beste universitetet utanfor Storbritannia og USA er ETH Zürich i Sveits som plasserer seg som nummer 12 i konkurransen om å bli verdas beste universitet.

– Må investera meir pengar

– Den norske regjeringa må investera meir pengar i forsking og høgare utdanning. Det er den einaste måten dei norske universiteta kan gjera det betre på, seier Phil Baty, redaktør for Times Higher Education. Etter hans meining ber dagens finansiering gale av stad for dei norske universiteta.

– Truleg er finansieringa av det norske universitetssystemet for egalitær. Alt blir strødd tynt ut over alle institusjonane, samtidig som talet på tilsette aukar, konstaterer Baty.

Sverige best i Norden

Det som er svært tydeleg, er at dei beste danske og svenske universiteta gjer det langt betre enn dei norske. Best av alle, ikkje heilt uventa, er Karolinska Institutet i Stockholm på 42. plass. Det har likevel ramla ned ti plassar sidan i fjor. Tett på fylgjer Lunds universitet og Uppsala universitet på 82. og 106. plass. Også desse plasseringane var ein tilbakegang i høve til fjoråret. I Norden er det berre dei danske universiteta som gjer det betre i år enn i fjor. Aarhus Universitet går opp ni plassar til 116. plass, medan Københavns Universitet klatrar fem plassar og blir nummer 130. Også Danmarks Tekniske Universitet endar opp mellom verdas 150 beste universitet. I Finland fall Helsingfors universitet 18 plassar ned, frå 91. plassen i fjor.

Universitet i Aust-Asia på veg mot toppen

Den viktigaste endringa på rankinglista til Times Higher Education Supplement er den sterke oppgangen til universitet i Kina, Sør-Korea og i Singapore. Dei to beste kinesiske universiteta, Peking University og Tsingua klatra til 46. plass og 52. plass på lista. University of Singapore spratt opp 19 plassar til å bli nummer 29 blant verdas beste universitet. Det var likevel ikkje nok til å bli Asias beste universitet. Det er framleis Universitetet i Tokyo, som denne gongen tar 27. plassen.
 

Dyrkar fram eliteuniversitet

Phil Baty ser at det ligg ein strategi bak den store framgangen til universiteta i Aust-Asia:

– Dei har blinka ut nokre få eliteuniversitet som får mykje meir ressursar enn andre universitet for å kunna auka forspranget og koma mellom dei beste universiteta i verda. Det er nettopp det kinesiske styresmakter har gjort. Difor klatrar dei kinesiske eliteuniversiteta og andre asiatiske universitet oppover på lista, forklarar han.

– Mangel på akademisk fridom hindrar dei i å nå toppen

– Dette er land der den akademiske fridomen og ytringsfridomen ikkje står like høgt i kurs. Bør ikkje graden av akademisk fridom og ytringsfridom inn som ein ny faktor

 

Fakta om Times Higher Education World University Rankings:

Rankinga blir publisert ein gong i året og blir utført av selskapet Thomson Reuters

Den inneheld 13 indikatorar som måler innovasjonsgraden,  læringsmiljøet, talet på siteringar frå vitskaplege tidsskrift, forskingsresultat og forskingsrenommé og graden av internasjonalisering

400 universitet frå heile verda blir inkluderte i den ferdige rankinga

Dei 200 beste universiteta kjem frå 24 land og alle verdsdelar er representerte

ETH Zurich frå Sveits  er det einaste ikkje-engelskspråklege universitetet som er mellom dei 12. beste.

California Institute of Technology er verdas beste universitet

University of Oxford er Europas beste universitet

Karolinska institutet er Nordens beste universitet og ligg på 42. plass i verda

UiO ligg på 202. plass og er Noregs beste universitet

 

Times Higher Education bør rangera universiteta etter?

– Du har rett i at mange av desse universiteta ikkje har så stor akademisk fridom som dei burde ha. Det vil likevel vera vanskeleg for oss å leggja det inn som ein faktor som det går an å måla i rangeringa vår. Mangelen på akademisk fridom vil likevel vera ein viktig grunn til at desse universiteta aldri vil bli mellom verdas ti beste universitet, garanterer Phil Baty overfor Uniforum.

Alarmklokkene bør ringja

Ein annan sterk tendens i den siste rangeringa, er konsekvensane av nedskjeringane i budsjetta til universiteta i dei kriseramma landa i Europa og i nokre av delstatane i USA.

– Det fører til at mange av universiteta i desse landa gjer det langt dårlegare no enn tidlegare år, samtidig som landa i Aust-Asia gjer store investeringar i høgare utdanning og forsking. Alarmklokkene bør no ringja for regjeringar i Vesten som er mest opptekne av å skjera ned, synest Phil Baty i Times Higher Education.

 

Emneord: Rangering, Internasjonalisering, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 2. okt. 2012 18:16 - Sist endra 3. okt. 2012 16:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere