– Språkforskarar gjer Wordfeud betre

 – Språkspel som Wordfeud blir aller best når leksikografane og språkteknologane samarbeider om nyutvikling, seier språkprofessor Bolette Sanderson Pedersen.

KJÆRLEIKSFORHOLD: – Det ser ut som om alle i Noreg har eit kjærleiksforhold til språket sitt. Det manglar nesten heilt hos danskane, konstaterer språkforskar Bolette Sanderson Pedersen ved Københavns Universitet

Foto: Martin Toft

– Leksikografi er svært viktig for språkteknologien. Og språkteknologar bør bli betre til å anerkjenna den viktige reiskapen som ordbøker er for språkteknologien. Det meiner språkteknologiprofessor Bolette S. Pedersen ved Københavns Universitet.

Denne veka heldt ho eit foredrag om forholdet mellom leksikografi og språkteknologi på den internasjonale leksikografi-konferansen Euralex ved Universitetet i Oslo.

– I den digitale ordbasen DanNet arbeider me for å setja saman ord etter tema også. Informasjonen hentar me frå «Den Danske Begrebsordbog». Innanfor temaet reise vil folk også kunna slå opp tydinga av billett, valuta, pass, koffert og andre ord som har å gjera med dette temaet. Dei fleste andre ordbasar av typen «wordnets» manglar denne typen informasjon, seier Pedersen.  

Gir betre verktøy for moderne språkprodukt

Pedersen peikar på at leksikografi var nøkkelen til utviklinga av endå betre verktøy for ordrettingsprogram, talande GPS, talande mobiltenester og digitale omsetjingstenester i smarttelefonar og på Internett.  

– Eit godt døme på korleis dagens omsetjingstenester ikkje klarer å fanga opp nyansane i språket er den danske setninga «hell olie i panden» som i ei digital omsetjng til engelsk har blitt til «pour oil on the forehead», fortel ho med eit smil.

– Edelsteinen i språkteknologien

Etter hennar meining er det flott at konferansen Euralex samlar både leksikografar, lingvistar og språkteknologar.

– Innanfor språkteknologien begynte forskarane i byrjinga å byggja opp eigne databasar over ord og setningar i staden for å kunna nytta seg av dei eksisterande databasane som var etablerte eller i ferd med å bli bygde opp av leksikografane. Trass i alt er leksikografien edelsteinen i språkteknologien, konstaterer ho.

– Korleis er utviklinga av leksikografi og språkteknologi synleg for folk flest?

 – I dag kjem den rett heim til folk gjennom ordrettingsprogram, spørsmål- og svar-teknologi og omsetjingsprogram både på smarttelefonar og på Internett.  No er ikkje alt like bra, og om eit omsetjingsprogram gjer feil når du brukar det, synest folk likevel at det kan vera til nytte. Språkteknologane har lenge akseptert at ikkje alt blir korrekt når det er ei maskin som skal klara det, medan leksikografane er svært strenge og meir nøye på at alle skildringar og til dømes omsetjing skal vera korrekt, peikar ho på.

– Vil helst forska på engelsk

Som språkteknologiforskar med eit internasjonalt nettverk ser ho at dei store språka engelsk, spansk, tysk og fransk har kome langt lenger i den språkteknologiske utviklinga, samanlikna med små språk som dansk, svensk og norsk.

– Det er svært frustrerande både for meg og andre heile tida å gå tilbake tre steg i den rivande utviklinga innanfor språkteknologien kvar gong eg skal arbeida med det danske språket. Dei fleste forskarar vil gjerne vera i forskingsfronten innanfor språkteknologi. Men dessverre blir det nok ganske uinteressant å forska på sitt eige språk, til dømes dansk,  fordi det er vanskeleg å vera i forkant når det manglar ressursar som til dømes ein database over tekstar på dansk. Difor blir det forska vidare på engelsk i dag, slik at forskarane kan delta i fremste linje i utviklinga av språkteknologien, fortel Pedersen. 

– Nordmenn er meir språkmedvitne enn danskane

Ho synest det er interessant med den norske ordbanken og kunne tenkja seg at dei danske styresmaktene skulle få lyst til å investera i noko liknande for det danske språket.

– Inntrykket mitt er at folk i Noreg er langt meir språkmedvitne enn danskane.  Det er blitt etablert ein Norsk ordbank med ord både på bokmål og nynorsk.

Pedersen gir såleis det danske folket ein del av skulda for dei manglande løyvingane.

– Det ser ut som om alle i Noreg har eit kjærleiksforhold til språket sitt. Det manglar nesten heilt hos danskane, konstaterer Bolette Sanderson Pedersen.

For første gong i Noreg

Heilt sidan 1903 har leksikografane hatt verdskonferansar. I år kom den for aller første gong til Noreg. Det er språkprofessor Ruth Vatvedt Fjeld ved Institutt for lingvistiske

Fakta om Euralex:

- Euralex er ei faglig foreining for ekspertar som arbeider innanfor fagfeltet leksikografi, altså dei som lagar ordbøker og utforskar og dokumenterer ordforrådet i alle verdas språk.

- Leksikografi er eit fag som har hatt ei omfattande endring dei siste 30-40 åra  på grunn av  teknologisk nyutvikling.

- Ny teknologi har skapt nye metodar og modellar og har gjort faget interessant for tradisjonelt ordboksarbeid.

- Kongressen i Oslo er den 15. i rekkja. Den begynte 7. august og vil halda fram til og med 11. august.

 Les meir om Euralex

og nordiske studium som har arbeidd for å få det til og som er leiar for arrangementskomiteen for den 15. internasjonale Euralex-kongressen. Og ho er svært nøgd med at temaet handlar om korleis leksikografane og språkteknologane kan utfylla kvarandre innanfor moderne språkforsking.

– Samarbeidet med språkteknologane er blitt heilt naudsynt og har endra heile profilen og bruksområda til faget. Alle språk har eit ordforråd som er spesielt, og nettopp difor er det behov for eit internasjonalt samarbeid, og internasjonale møte som det som nå blir halde på Universitetet i Oslo, er både viktige og naudsynte, meiner Vatvedt Fjeld.

Mellom dei 200 deltakarane finst det leksikografar, språkteknologar, korpuslingvistar og ordboksforleggjarar som saman presenterer og diskuterer nyvinningar innanfor faget.

– Det er svært viktig for norsk leksikografi å delta aktivt i det internasjonale samarbeidet, understrekar Ruth Vatvedt Fjeld, som sjølv arbeider med å dokumentera ordforrådet i det moderne bokmålet, både registrering og kartlegging av nyord og generell utvikling av ordforrådet. Dessutan arbeider avdelinga hennar med utvikling av ordskildringar som kan brukast i språkteknologiske produkt.

 

Emneord: Språk, Lingvistikk Av Martin Toft
Publisert 10. aug. 2012 13:33 - Sist endra 10. aug. 2012 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere