Drapsplanar avslørt mot menneskerettsprisvinnar Asma Jahangir

I Pakistan er det avslørt eit komplott for å drepa menneskerettsaktivisten Asma Jahangir, melder Amnesty i dag. Ho er ein av Pakistans leiande krefter i kampen mot vald mot kvinner. I 2002 blei ho tildelt UiOs menneskerettspris for arbeidet sitt.

PRISA AV UIO: I 2002 blei Asma Jahangir tildelt UiOs menneskerettspris. Prorektor Anne-Brit Kolstø delte ut prisen. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Det er ei kjelde innanfor Pakistans etterretningsteneste som no har avslørt at ein av Pakistans hemmelege etterretningstenester står bak planane om å drepa Pakistans mest kjende kvinnelege og uredde advokat, Asma Jahangir.  Ho har også tidlegare opplevd både trugsmål og trakassering. Det som gjer denne saka meir alvorleg enn tidlegare, er at trugsmålet blei avslørt heilt tilfeldig av ei kjelde djupt inne i Pakistans etterretningsteneste. Jahangir har difor ikkje gått ut av huset sitt sidan 4. juni, melder Amnesty. 

Krev etterforsking

Organisasjonen krev no at pakistanske styresmakter garanterer for tryggleiken til Asma Jahangir og etterforskar planane om å ta livet av henne. Amnesty ber samtidig om at dei skuldige blir stilt for retten.

Fekk UiOs menneskerettspris i 2002

Asma Jahangir er særleg kjent for arbeidet sitt med å forhindra diskriminering og utbyting av religiøse minoritetar, kvinner og barn både i Pakistan og i andre delar av verda.

I 2002 fekk Jahangir  tildelt UiOs menneskerettspris - Lisl og Leo Eitingers pris for arbeidet sitt i kampen mot æresdrap, Hadood-lovene og liveigenskapen i Pakistan. Ein annan grunn til at prisen gjekk til henne, var hennar internasjonale engasjement som FNs spesialrapportør for utanomrettslege, summariske og vilkårlege avrettingar.

Emneord: Pakistan, Menneskerettar, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 17. juli 2012 13:59 - Sist endra 17. juli 2012 14:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere