Ljubisa Rajic reiste jamleg mellom Jugoslavia og Noreg, og hadde også hovudfag i norsk frå Universitetet i Oslo. Han omsette fleire serbiske forfattar til norsk. Rajic var professor i nordiske språk og litteratur ved Universitetet i Beograd fram til han i går døydde etter eit sjukeleie på nokre månader. Ljubisa Rajic blei altså for alvor kjent i Noreg, då han kunne rapportera om dagleglivet i Beograd under bombeåtaka frå NATO- under Kosovo-krigen. I 2007 fekk han og kollegaen Janet Garton Fritt Ords Fritt Ords Honnør for sine framifrå bidrag til undervisninga i norsk språk og litteratur ved universitet i utlandet, melder ntb.
I 2009 ble han utnemnt til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske Fortenstordenen for å ha fremja norsk-serbisk samband, melder ntb. Ljubisa Rajic var også heidersmedlem i Noregs Mållag.
Les også dette intervjuet med Ljubisa Rajic i Uniforum:
Ljubisa Rajic - røysta frå Beograd
Ein reporasje frå Universitetet i Beograd:
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere