Oljelekkasje i UiOs nyaste bygning

6000 liter olje lak ut i Ole-Johan Dahls hus i Gaustadbekkdalen i nyttårshelga då pumpene til dieselaggregatet ikkje stansa etter at den normale straumforsyninga var komen i gang igjen.

6000 LITER: Rundt 6000 liter olje rann ut på dette golvet i Ole-Johan Dahls hus då pumpene til dette dieselaggregatet heldt fram med å pumpa ut olje etter at aggregatet var slått av.

Foto: Ola Sæther

Det var ein teknisk feil i systemet som forsyner trafoane i Ole-Johan Dahls hus med straum, som førte til straumstansen i Institutt for informatikk sin praktbygning klokka åtte om morgonen den 31. desember. Det opplyser driftsleiar Jan Hovde i Teknisk avdeling ved UiO til Uniforum.

Ein straumstans hos Hafslund førte til ei kortslutning. Dermed overtok det såkalla back up-systemet UPS straumforsyninga i dei rundt 40 sekunda det tok før dieselaggregatet kom i gang og kunne levera straum i bygningen.

Pumpene stansa ikkje

– I rundt 20 timar heldt dieselaggregatet det gåande før den normale straumtilførselen var tilbake første nyttårsdag kl. 16.00, fortel Hovde. Dermed kunne dei ansvarlege slå av reserveaggregatet. Problemet var at pumpene som forsynte aggregatet med diesel ikkje stansa. Dermed rann nesten 6000 liter olje ut over store delar av golvet i det tekniske materialrommet i første etasje i Ole-Johan Dahls hus.

– Saneringsfirmaet var her måndag og tysdag med tankbilar, og dei pumpa ut rundt 6000 liter med olje blanda med vatn, fortel Jan Hovde. Då Uniforum var på synfaring i rommet der reserveaggregatet er plassert, lukta det framleis olje, men det var ikkje lenger spor av olje på golvet.

Statsbygg fylgjer opp saka

Teknisk sjef Trygve Sogn i Teknisk avdeling viser til at Statsbygg framleis har ansvaret for dei tekniske anlegga i Ole-Johan Dahls hus.

– Det blir difor Statsbygg og ikkje Universitetet i Oslo som skal fylgja opp denne saka med leverandøren av utstyret. Statsbygg vil difor be om rapportar frå både leverandøren og produsenten av utstyret for å finna ut kvifor det ikkje fungerte slik det skulle, seier Trygve Sogn til Uniforum.

– Me har hatt møte med folk frå Statsbygg og fylgjer saka nøye, understrekar han.

Emneord: Feature, Informatikk Av Martin Toft
Publisert 5. jan. 2012 14:46 - Sist endra 5. jan. 2012 15:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere