UiO kartlegg arbeidsvilkåra til doktorstudentane

– Doktorstudentane er gullet vårt og uhyre viktige både for Universitetet i Oslo og for samfunnet. Difor vil me gjerne vita korleis dei har det i studiet og kva som kan gjerast betre. Det seier Berit Hyllseth som er prosjektleiar for ei spørjeundersøking mellom ph.d.-kandidatane på UiO.

DOKTORSTUDENTANE FÅR DET BETRE: – Me treng å vita korleis me kan leggja forholda til rette for at dei skal få best mogleg utbyte av tilbodet ved UiO, seier prosjektleiar Berit Hyllseth i Forskingsadministrativ avdeling ved UiO.

Foto: Martin Toft

Denne veka får alle dei 3000 som er registrerte som ph.d.-kandidatar ved UiO, eit spørjeskjema på e-post. For første gong i historia skal Universitetet i Oslo få svart på kvitt korleis doktorstudentane har det på studiet, kva dei synest er bra med doktorutdanninga og kva dei gjerne vil skal bli betre. 

– Me ynskjer også å vita om kandidatane får den faglege og administrative oppfylginga som dei treng, og om doktorutdanninga vår passar inn i ein stadig meir konkurranseprega, internasjonal forskingsrøyndom. Og me vil samtidig ha svar på om utdanninga vår tar høgd for at om lag halvparten av ph.d.-kandidatane finn arbeid utanfor akademia, seier prosjektleiar Berit Hyllseth i Forskingsadministrativ avdeling, UiO.

Som støttespelarar i arbeidet har ho med seg ei arbeidsgruppe på åtte personar, fem professorar, ein stipendiat, ein administrativ tilsett og ein representant frå eit eksternt forskingsinstitutt. I undersøkinga vil dei gjerne også kartleggja korleis doktorkandidatane vurderer arbeidsdagen sin, kva dei ynskjer skal bli betre og korleis dei ser på sjansane til å bli ferdige på normert tid. 

– Vil setja i gang tiltak

– Når undersøkinga er blitt nøye analysert, skal den brukast som grunnlag for å setja i gang tiltak som kan betra situasjonen. Studieavdelinga har hjelpt til med å laga eit praktisk nettskjema, medan Nordisk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU) skal hjelpa til med å analysera svara på undersøkinga, fortel Hyllseth. Ho viser til at det er viktig for Universitetet i Oslo at doktorkandidatane har det bra og får mest mogleg ut av studiet.

– Det skal og må vera den mest gjevande delen av studiet til kandidatane. Difor må me fylgja opp og vita kva som kan bli betre. I dag veit me at det faglege nivået på kandidatane frå UiO jamt over er høgt, men mange brukar framleis lang tid. Det er grunn til å tru at det er store skilnader i arbeidsvilkåra og høve til utvikling mellom kandidatane, avhengig av kva fagmiljø dei tilhøyrer og kven dei har som rettleiarar. Me veit også at dei faglege rettleiarane oppfattar rolla si og ansvaret sitt overfor kandidatane noko ulikt, peikar ho på.

Hyllseth viser til at mange av kandidatane har arbeidsplassen sin utanfor universitetet.

– Me treng å vita korleis me kan leggja forholda til rette for at dei skal få best mogleg utbyte av tilbodet ved UiO, legg ho til. 

Bakgrunnen for kartlegginga er Strategi 2020 som har som ambisjon at UiO skal ha større fokus på rettleiing, men også syta for ein god fagleg og sosial integrasjon av ph.d.-kandidatane i forskingsmiljøa. Gjennom eit relevant kurstilbod skal doktorgradsstudiet bli meir attraktivt internasjonalt.

– Ynskjer gode og praktiske løysingar

Prosjektleiar Berit Hyllseth var med på å organisera det første doktorgradsprogrammet på 1990-talet.

Nærare 20 år seinare har det skjedd få grunnleggjande endringar, men sidan evalueringa i 2002 har det vorte etablert ei rekkje forskarskular ved UiO og nasjonalt.

– Forskarskulane skulle vera eit tilbod på topp internasjonalt nivå og etablera ein fagleg standard. Tida er no kanskje moden for eit løft for utdanninga som heilskap? Me må difor sjå nærare på om dagens organisering er god nok, og om me kan få meir ut av ressursane ved å gjera nokre endringar.

– Det eg først og fremst er opptatt av, er å finna gode, praktiske løysingar som kandidatane kan ha direkte nytte av. For oss er det difor svært viktig at alle svarar på spørjeundersøkinga. Alle dei som svarar, vil vera heilt anonyme og umoglege å spora opp, understrekar ho.

– Karriere utanfor akademia må bli attraktivt

Arbeidsgruppa er dessutan opptatt av ei anna viktig endring i røyndomen til doktorkandidatane.

– Det må vera like attraktivt for kandidatane å satsa på ein jobb i det offentlege eller i næringslivet etter avslutta studium som å satsa på ein forskarkarriere. Faktisk vil både det offentlege og næringslivet ha bruk for den høge kompetansen som dei ferdige ph.d.-kandidatane har. Dessutan ynskjer me å gi kandidatane relevant oppfylging når det gjeld korleis dei kommuniserer med andre om det dei held på med og korleis dei formidlar og eventuelt brukar forskingsresultata sine. I tillegg vil me gjerne vita om kandidatane veit kvar dei skal gå og kven dei skal gå til om dei møter problem i løpet av doktorgradsstudiet, peikar ho på.

Lovar handlingsplan sommaren 2012

Både spørjeundersøkinga og resten av kartlegginga av doktorgradsstudiet på UiO, står i nær samanheng med iverksetjinga av det nasjonale rammeverket for kvalifikasjonar. Seinare i vår skal den evalueringa av norsk doktorgradsutdanning som no går føre seg, leggjast fram. Den spelar også ei viktig rolle for at arbeidsgruppa set i gang denne spørjeundersøkinga no. Målet er at arbeidsgruppa skal utarbeida ein eigen handlingsplan for doktorgradsutdanninga på UiO. Den skal vera ferdig i løpet av sommaren 2012.

Doktorstipendiat Liv Elisif Kalland sit i arbeidsgruppa, og er svært opptatt av at ph.d.-studentane svarar på undersøkinga:

MÅ SVARA: Doktorstipendiat Liv Elisif Kalland ved Kjemisk institutt oppfordrar alle ph-d.-kandidatar til å svara på spørjeundersøkinga. (Foto: Ola Sæther)

 

– Viss både stipendiatane og dei framtidige arbeidsgjevarane deira er nøgde med det PhD-utdanninga på UiO gir PhD-kandidatane, vil det føra til ei god rekruttering som er viktig for å halda kvaliteten på kandidatane, og kvaliteten på forskinga, oppe, seier ho til Uniforum.

– Ved å sjå på responsen kan me sjå effekten av moglege tiltak som alt er innførte. Dette er ein fin måte å kunna påverka utviklinga av framtidas moglegheiter både for oss sjølve og dei som kjem etter oss, trur Liv Elisif Kalland.

 

 

 

 

 

Emneord: Studentforhold, Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Rekruttering Av Martin Toft
Publisert 19. jan. 2012 15:32 - Sist endra 28. jan. 2013 14:49

Logg inn for å kommentere