Blindernbilete gav førstepris
Asbjørn Gabrielsen gjekk ein søndagstur til arbeidsplassen Blindern og blei inspirert til å ta biletet «Blindern i rødt, litt hvitt og blått».Biletet gav han førsteplassen i konkurransen "Mitt Blindern". Premien blei delt ut av Oslo-ordførar Fabian Stang før helga.
PREMIEBILETE:: Asbjørn Gabrielsen fekk førstepremien i konkurransen Mitt Blindern for dette biletet: «Blindern i rødt, litt hvitt og blått». Uniforum publiserer biletet med løyve frå fotografen.
Foto:
Asbjørn Gabrielsen (copyright)
Torsdag 12. januar tok fotografiet til Asbjørn
Gabrielsen førsteplassen i konkurransen om forholdet mellom arkitektur og menneske i universitetsmiljøa i Oslo.
Konkurransen blei arrangert av Nasjonalmuseet og Universitetet i Oslo i samband med utstillinga Byen og Blindern i Arkitekturmuseet.
Koret Vox Humana, Anette Andersen og Kristian Lødemel Sandberg fekk heiderleg omtale for sine bidrag.
Prisane blei delte ut av ordførar Fabian Stang og avdelinglingsdirektør Nina Berre ved Nasjonalmuseet.
Emneord:
UiOs 200-årsjubileum,
Utstillinger
Av
Martin Toft
Publisert 16. jan. 2012 16:56
- Sist endra 17. jan. 2012 12:25
Logg inn for å kommentere