Forskartalent tildelt 250 000 kroner frå UiO

Vinnaren av Nils Klim-prisen, førsteamanuensis Dag Trygve Truslew Haug, er tildelt 250 000 kroner frå Wedel Jarlsbergs fond, eit fond som blir disponert av UiO. - Det er fint å få ei slik anerkjenning frå sitt eige universitet, seier han til Uniforum.

OVERRASKA: Dag Trygve Truslew Haug blei overraska då rektor Arild Underdal uventa kom på julegløggen for å overrekkja han ei julegåve på 250 000 kroner.
Foto: Martin Toft

- Eg blei skikkeleg overraska då rektor Arild Underdal heilt uventa dukka opp på julegløggen til instituttet for å overrekkja meg stipendet på 250 000 kroner, fortel Dag Trygve Truslew Haug. Han er berre 29 år gamal, men er allereie tilsett som førsteamanuensis i latin ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk ved UiO.

Tidlegare i haust fekk han altså tildelt Nils Klim-prisen på 250 000 kroner av styret for Ludvig Holbergs minnefond. Samtidig blei den kjende tyske sosiologen, Jürgen Habermas tildelt Holbergprisen for framifrå vitskapleg arbeid innanfor humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi. Haug fekk tildelt Nils Klim-prisen som går til ein yngre nordisk forskar som har gjort framifrå vitskapleg arbeid. Forskingsområda hans omfattar både tradisjonell historisk språkvitskap og moderne lingvistikk brukt på klassiske språk.

No får altså Dag Trygve Truslew Haug også eit nytt pengedryss på 250 000 kroner. Denne gongen frå Wedel Jarlsbergs fond. Utdelingskomiteen for det fondet er sett saman av rektor Arild Underdal, prorektor Anne-Brit Kolstø og universitetsdirektør Hanne Harlem.

- Då eg fekk beskjeden om at eg hadde fått tildelt desse pengane, sa rektor Arild Underdal til meg at universitetet gjerne ville matcha summen eg fekk, då eg blei tildelt Nils Klim-prisen, seier Haug. Han er svært glad for å få desse pengane, men han er enno ikkje sikker på kva han skal bruka dei til.
- Det som er sikkert er at eg no kan dra på alle dei internasjonale forskingskonferansane som eg har lyst til å dra på. Samtidig håpar eg å få sett i gang eit større prosjekt utan at eg enno veit kva prosjekt det kan bli. Men no brukar eg tida på å finna det ut.

- Har du fått noko særleg tid til å driva forsking i haust etter alt oppstyret du opplevde etter å ha fått tildelt Nils Klim-prisen?

- Jo, det har eg. Men som førsteamanuensis har eg jo undervist mykje meir enn det eg gjorde som postdoktorstipendiat, fortel han.

Emneord: Priser, Forskning Av Martin Toft
Publisert 28. des. 2005 12:39 - Sist endra 10. des. 2008 15:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere