Får EU-millionar for å forska på omsetjaren

EU gav denne månaden klarsignal til ei løyving på 16 millionar kroner (1,9 millionar euro) til utvikling av det store digitale omsetjingsprogrammet "Eye to IT." Franskprofessor Antin Rydning, UiO, leier den norske delen av prosjektet. Oppgåva går ut på å forska på arbeidsprosessen til ein omsetjar frå han eller ho ser ein tekst til teksten blir omsett til eit anna språk. Resultatet kan bli utvikling av endå meir avanserte omsetjingsprogram.

FÅR EU-STØTTE: Franskprofessor Antin Rydning skal leia den norske delen av prosjektet Eye-to-IT som har fått 16 millionar kroner i EU-støtte.
Foto: Ola Sæther

Forskingsprosjektet blir leia av den bulgarske kognitive lingvisten Maxim Stamenov og er sett saman av nevrolingvistar, nevrologar, translatologar og næringsliv frå Danmark, Noreg, Finland, Sverige, Austerrike og Bulgaria. Prosjektet er sett saman av seks partnarar frå akademia og næringslivet.

- Målet med prosjektet er å utvikla eit system for å måla aktiviteten til omsetjaren under eit oppdrag. På den måten kan me få vita meir om fenomen som forståing og formulering, fortel Antin Rydning til Uniforum.

- Forsøkspersonane er profesjonelle omsetjarar og under observasjonen skal det brukast teknologi som måler både augeaktivitet, hjerneaktivitet og all skriveaktivitet som skjer på tastaturet. Me satsar på at resultata frå forskinga på lenger sikt kan brukast til å utvikla eit monitorverkty i omsetjarutdanninga, seier ho.
Det positive svaret frå EU fører til at Antin Rydning lyser ut ei postdoktorstilling i nevrolingvistikk og ei anna i psykolingvistikk.

Skal måla hjerneaktivitet og augerørsle

- Når omsetjaren får teksten på skjermen og ser den for første gong, ser me på forståinga av teksten. Under denne prosessen ser me på hjerneaktivitet og på augerørsla under lesinga av teksten. Deretter ser me på kva omsetjaren tolkar som meininga i teksten. Då ser me altså både på hjerneaktivitet, på augerørsla og ikkje minst på tastaturaktivitet.

- Tre av partnarane våre skal gå saman om å utvikla eit eige dataprogram som synkroniserer desse rørslene. Hjerneaktiviteten blir målt gjennom EEG-elektrodar som blir plasserte på hovudet til omsetjaren. Pausane i arbeidet er også viktige for oss for då skjer det ei tenking, understrekar ho.

Ordforslag vil dukka opp på skjermen

Anti Rydning ser store utsikter for vidareutvikling av dette programmet.

- Dersom auget brukar lengre tid på eit bestemt ord enn det som er normalt, vil det automatisk dukka opp eit ordforslag på det språket som omsetjaren omset teksten til. Førebels finst dette programmet berre på prototypestadiet og berre mellom finsk og engelsk, men planen er å utvikla det vidare slik at det også vil finnast mellom engelsk-norsk, engelsk-dansk, engelsk-bulgarsk og engelsk-tysk.

- Det blir lettare å driva komparative studium når alle har engelsk som same utgangsspråk. Me vil synkronisera desse programma for å kunna forska på forståing og produksjon i same operasjon, understrekar ho. Dette er det einaste språkteknologimiljøet som til no har fått pengar frå EUs 6. rammeprogram. Pengane er løyvde for tre år.

- Eg skal sjølv stå for analysen av omsetjingsteksten, fortel ho.

Forskarnettverk fødde to prosjekt

Bakgrunnen for opprettinga av forskingsprosjektet Eye-to-IT var forskarnettverket EXPERTISE som Antin Rydning starta i 2001. Då fekk ho pengar frå Forskingsrådets internasjonaliseringsprogram. Etter kvart som forskingsideane auka og blei meir forskjellige, oppstod både prosjektet Eye-to-IT og prosjektet ExpertTrans. Det sistnemnde prosjektet blir det no søkt pengar til gjennom EUs Marie Curie-program.

Antin Rydning er svært takksam for at tidlegare dekan Even Hovdhaugen gav henne ideen til å søkja og for hjelpa ho har fått av UiOs EU-rådgjevar, Bruce Reed. Han har insistert på at tverrinstitusjonelt samarbeid og samarbeid med næringslivet er naudsynt for å få gjennomslag i EU. Det var Anti Rydning som sjølv meinte at ho burde dela prosjekta sine i to.

- Dermed kunne eg satsa på eit meir tverrfagleg samarbeid med den bulgarske forskaren og samtidig vidareutvikla mitt eige forskingsprosjekt som altså har fått namnet ExpertTrans, fortel ho. Det har 16 partnarar frå heile Europa og handlar også om kognitive prosessar i omsetjing.

Søkjer EU om 32 millionar kroner

- Me håpar å få større innsikt i prosessane knytte til ekspertomsetjing. Til saman har me søkt om 32 millionar kroner (4 mill. euro) til dette prosjektet, opplyser Rydning til Uniforum.

Det greske firmaet ESTeam skal delta i utviklinga av eit digitalt kvalitetsfilter. Det er eit av verdas leiande selskap på programvare for omsetjing.

- Ein annan viktig partnar er EUs omsetjingsdirektorat. Det er verdas største leverandør av omsetjingstenenester som til saman har ein verdi på over 1 milliard euro i året, fortel ho.

- Sist me søkte om pengar frå EU oppnådde med kjempegode karakterar, og me fekk 0,3 poeng for lite til å vera med vidare. Difor blei me rådde til å samarbeida med eit næringskonsortium. Slik kom det greske firmaet inn som partnar. Dersom EU kjem med eit positivt svar på søknaden om støtte til det siste prosjektet, skal Universitetet i Bergen ta seg av den administrative koordineringa av ExpertTrans.

- Eg håpar at UiO snart kan få eit tilsvarande administrativt støtteapparat, slik at me kan styra både den vitskaplege og administrative koordineringa av prosjektet frå Oslo, seier Antin Rydning.

Emneord: Forskning, HF: nytt institutt for språk Av Martin Toft
Publisert 6. des. 2005 13:27 - Sist endra 10. des. 2008 14:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere