Øystein Djupedal: - Me satsar på forsking

- Regjeringa står fast på målet om at investeringane i forsking og utvikling skal utgjera tre prosent av bruttonasjonalproduktet i 2010. Løyvinga vår på 14 milliardar til Forskingsfondet er i samsvar med opptrappingsplanen i Forskingsmeldinga som Stortinget vedtok i vår. Det slår kunnskapsminister Øystein Djupedal fast i eit eksklusivt intervju med Uniforum.

SAME MÅL: - Me har akkurat dei same målsetjingane og satsingsområda som er lista opp i Forskingsmeldinga, understrekar kunnskapsminister Øystein Djupedal.
Foto: Ola Sæther

Dagen etter at han har lagt fram endringane i Utdannings- og forskingsdepartementets budsjett for 2006, treffer me ein avslappa og opplagt kunnskapsminister Øystein Djupedal. Det ser ikkje ut til at han har tatt skade av kritikken frå forskarhald etter at han reduserte overføringa til Forskingsfondet frå 39 til 14 milliardar kroner.

- Det var ei velplassert finte frå Kristin Clemet og den avgåtte regjeringa som gjerne ville syta for å få eit godt ettermæle. Clemet foreslo nemleg å auka overføringane til Forskingsfondet med meir enn det som var naudsynt for å oppfylla opptrappingsplanen, meiner Djupedal, som understrekar at denne regjeringa har dei same måla for forskingspolitikken som den avgåtte regjeringa.

- Me har akkurat dei same målsetjingane og satsingsområda som er lista opp i Forskingsmeldinga. Difor er ikkje endringane me kjem med i statsbudsjettet noko nedprioritering av norsk forsking, seier han, med krav om å bli trudd. Øystein Djupedal synest derimot regjeringa har gitt universiteta meir råderett over forskinga gjennom endringane i statsbudsjettet.

- I endringsforslaget frå regjeringa går me jo inn for å løyva pengar til 350 nye doktorstipendiatstillingar direkte til universiteta og høgskulane, utan å gå omvegen om Forskingsrådet. Likevel må nok forskarane innstilla seg på at dei også i framtida må søkja om forskingspengar frå både EU og Forskingsrådet.

- Korleis vil du eigentleg få næringslivet til å bruka meir pengar på forsking?

- Regjeringa skal no setja i gang ei evaluering av SkatteFunn-ordninga, der altså bedrifter kan skriva av på skatten dei investeringane dei har gjort i forsking og utvikling. Norske industrilokomotiv som Statoil og Norsk Hydro kjem nok også i framtida til å investera mykje pengar i forsking fordi dei har rein eigeninteresse av det. Eg tvilar derimot på om småverksemder med få tilsette vil vera i stand til å satsa særleg store summar på forsking.

- Ingen reell mistanke

- I dag er ein del av overføringane til universitet og høgskular avhengige av kor mange studiepoeng studentane presterer. Nokon meiner at dette fører til at mange lærarar ikkje vågar å stryka studentar fordi det kan gå ut over økonomien til instituttet der dei arbeider. Kva vil du gjera for å endra på dette?

- Eg har tillit til at den mistanken som er reist i dette spørsmålet, ikkje er reell. Det finst nemleg ikkje noko grunnlag for å tru dette. Heile finansieringsordninga for universitets- og høgskulesektoren blei endra av den avgåtte regjeringa. Det me no gjer, er at resultatkomponenten i forskingsfinansieringa blir innført over to år i staden for eitt år. Elles vil både Kvalitetsreforma og dei nye finansieringsformene bli evaluerte i løpet av 2006.

Eit spørsmål som nyleg har kome opp er eit forslag om å skilja bygningane til universiteta og høgskulane frå institusjonane og organisera dei i det statlege selskapet Universitetsbygg A/S. Djupedal har enno ikkje fått sett nærmare på forslaget, men seier:

- Førebels har eg ikkje fått den saka på bordet mitt. Difor kjem eg heller ikkje til å uttala meg noko meir om dette spørsmålet før eg får sjå nærmare på denne kontroversielle saka.

- Ei enorm utfordring

- Mange ungdomar med innvandrarbakgrunn tar i dag høgare utdanning, anten på universitet eller høgskular. Kva vil regjeringa gjera for å sikra at dei får seg jobb i det private eller i det offentlege når dei er ferdige med utdanninga si?

- Det er ei enorm utfordring å få brukt den kunnskapen som dei har. Eg er usikker på kva tiltak regjeringa kan setja i verk. I alle fall er dette ei sak som ligg meg nært på hjartet. Det er også snakk om å endra haldningar hjå arbeidsgjevarar både i offentleg og privat sektor om me skal få dette til, trur han. Djupedal synest også flyktningar og asylsøkjarar som kjem hit med høgare utdanning, bør møtast på ein annan måte enn i dag.

- Me kan nok bli betre til å finna gode godkjenningsordningar for dei. Samtidig er mange utanlandske utdanningar vanskelege å evaluera. Men det som er sikkert, er at me ikkje har råd til å lata vera å bruka denne kompetansen. I nokre av desse tilfella kan også realkompetansen deira telja med, når dei skal vurderast for ei stilling.

Lovar stortingsmelding om norsk språk

- Engelsk overtar meir og meir som eit felles fagspråk i akademia og er også det språket dei fleste forskingsartiklar blir publiserte på. Nokre senter på UiO har berre nettsider på engelsk. Kva vil de gjera for å hindra at det norske fagspråket forsvinn?

- Regjeringa vil gjerne gjera noko med det. Men det er ikkje mogleg for oss å vedta noko dekret om at alle forskarar frå no av berre skal bruka norsk. Det er viktig å gjera forskarar medvitne om kor viktig det er å bruka norsk fagspråk der det er naturleg. Tidlegare i haust la lingvistikkprofessor Gjert Kristoffersen ved Universitetet i Bergen fram ein rapport om situasjonen for det norske språket. Denne rapporten blir grunnlag for ei melding om norsk språk som skal leggjast fram for Stortinget i løpet av 2006, lovar han.

Ville valt spansk

Fleire av dei tilsette ved Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling på UiO har kritisert Djupedal fordi han og regjeringa ikkje vil gjera det andre framandspråket obligatorisk i ungdomsskulen. Det er eit standpunkt han gjerne forsvarer.

- Eg har tru på at det er betre å lata elevane velja mellom det andre framandspråket eller fordjuping i engelsk eller norsk. Sjølvsagt håpar eg at mange ungdomar vil velja det andre framandspråket, men eg synest ikkje at det er negativt at dei får eit val.

- Og om du hadde gått i ungdomsskulen i dag, kva ville du valt som ditt andre framandspråk?

- Spansk.

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. nov. 2005 09:44 - Sist endra 10. des. 2008 15:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere