- Auken på 14 milliardar kroner til Forskingsfondet, er likevel den største auken av fondsmidlane sidan fondet blei oppretta under tidlegare kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun, konstaterte kunnskapsminister Øystein Djupedal på ein godt besøkt pressekonferanse i Utdannings- og forskingsdepartementet.
Prorektor Anne-Brit Kolstø ved UiO har problem med å forstå korleis regjeringa til Jens Stoltenberg skal klara å nå målsetjinga om at investeringar i forsking og utvikling skal utgjera tre prosent av bruttonasjonalproduktet så lenge dei berre aukar Forskingsfondet med 14 milliardar kroner.
- Eg hadde gjerne sett at regjeringa hadde halde fast på ein auke på 39 milliardar kroner slik den avgåtte regjeringa foreslo. Det blir ei endå større utfordring for regjeringa å nå dette målet når den no må finna andre måtar å få dette til på. Ikkje minst sidan regjeringspartia tidlegare har proklamert at det er staten som skal syta for minst 40 prosent av denne auken, seier Kolstø til Uniforum.
Regjeringa foreslår også at det blir oppretta 500 nye studieplassar både på allmennlærar-, førskulelærar- og praktisk-pedagogisk utdanning frå hausten 2006.
- UiO får 20 nye plassar til praktisk-pedagogisk utdanning og 25 plassar til ein 5-årig integrert modell - for å betra rekrutteringa til læraryrket. Midlane til dette er førebels ikkje lagde inn i budsjettet, opplyser Anne-Brit Kolstø til Uniforum.
Dessutan vil regjeringa at alle dei 350 nye doktorgradsstillingane som Bondevikregjeringa foreslo i sitt siste budsjett, skal kanaliserast direkte til universiteta og høgskulesektoren. Den førre regjeringa ville at 100 av desse doktorgradsstillingane skulle gå via Noregs forskingsråd. Universitetet i Oslo får dermed høve til å fordela 30 heilt nye doktorgradsstillingar.
- Det synest eg er positivt, seier Ann- Brit Kolstø. Men ho har likevel ingenting imot at Forskingsrådet også får tildelt ein del frie doktorgradsstipend.
- Eg høyrer til dei som synest det er fint at NFR har frie stipendmidlar som kan delast ut til prosjekt som ligg utanfor bestemte satsingsområde, til dømes til tverrfaglege forskingsmiljø. Senter for utvikling og miljø er eit av fagmiljøa som har hatt nytte av dette, legg ho til.
Den raudgrøne regjeringa legg ikkje like mykje pengar inn i posten for resultatbasert forskingsfinansiering som den avgåtte regjeringa. Dette vil seia pengeoverføringar som er basert på graden av vitskapleg publisering, talet på EU-midlar og midlar frå Forskingsrådet. I tillegg kjem overføringar på grunnlag av talet på avgitte doktorgradar.
Regjeringa halverer den summen som er basert på resultata frå desse områda. Det fører til at UiO får 22 millionar kroner i overføring av desse pengane i staden for 45 millionar kroner som låg inne i budsjettet til den avgåtte regjeringa.
- Det er fint at regjeringa fylgjer opp dette, sjølv om UiO får mindre pengar enn det som låg i det første budsjettforslaget. Eg synest det er bra at regjeringa held fast på den same fordelinga av resultatbasert finansiering på grunnlag av vitskapleg publisering som den førre regjeringa. Det viser at den nye regjeringa går i same retning. Det den har gjort, er at den har omfordelt halve denne potten og ikkje heile potten, slik det opphaveleg var foreslått. Difor håpar eg at denne typen finansiering får full effekt neste år, slik dei har lova, seier Kolstø, som håpar UiO kan visa til like gode resultat då som i år.
Misnøgd Chaffey
Også Abelia-direktør Paul Chaffey er kritisk til den
raudgrøne regjeringa sine endringar i statsbudsjettet.
- Kutta til Forskingsfondet, saman med kutta til Noregs
forskingsråd og Innovasjon Noreg inneber eit steg i feil
retning i høve til å nå målet om å bli ein leiande
forskingsnasjon, seier Chaffey til ntb. Han er eksternt
medlem i Universitetsstyret og tidlegare
stortingsrepresentant for SV.
-Negativt
Forskingsrådet meiner likevel budsjettforslaget har ein god
forskingsprofil. Samtidig er NFR skuffa over at veksten i
Forskingsfondet blir mindre enn venta.
- Det er klart negativt at ein vil redusera veksten i
Forskingsfondet, men det er svært gledeleg at den nye
regjeringa tar vare på den gode forskingsprofilen i
statsbudsjettet, seier administrerande direktør Arvid Hallén
i NFR til ntb.
Lite blide studentar
Regjeringa vil også auka summen til bygging av studentbustader med 10 millionar kroner.
- Dette er for dårleg og ein symbolsk auke som gir ingen effekt, meiner Jørn Henriksen, som er leiar for Norsk Studentunion. Han viser til at alle partia i regjeringa har lova studentane 1000 nye studentbustader i året. Dette statsbudsjettet innheld rundt 350, slår han fast i ei pressemelding.
Når det gjeld forslaget frå eit interdepartementalt utval,
nedsett av Kristin Clemet, om å skilja bygningane til
universitet og høgskulane ut og organisera dei i det statleg
eigde Universitetsbygg A/S svarte Øystein Djupedal på
spørsmål frå Uniforum.
- Det er ei sak som enno ikkje har kome på mitt bord.
Logg inn for å kommentere