Chris Patten: - Tyrkia må bli EU-medlem

- Det er svært viktig for Europas framtid at Tyrkia blir EU-medlem. Motstandarane av tyrkisk medlemskap bør tenkja meir over kva konsekvensane kan bli om Tyrkia blir halde utanfor EU. Det sa tidlegare EU-kommisær Chris Patten på eit internt seminar på Institutt for statsvitskap tysdag 1. november.

TYRKIA MÅ MED: - Tyrkia må bli medlem av EU. Det understreka den tidlegare EU-kommisæren Chris Patten på eit seminar ved UiO denne veka.
Foto: Martin Toft

Chris Patten var i Oslo denne veka først og fremst fordi han var invitert til å halda Oxford-forelesinga som er eit felles arrangement mellom Den norske Oxford-komité og Universitetet i Oslo. Forelesinga blei halden måndag 31. oktober i Universitetets aula, men dagen etter fekk han også tid til å delta på eit internt seminar hos Institutt for statsvitskap på Blindern. Der var han invitert for å gi synet sitt på lagnaden til EU-konstitusjonen.

Chris Patten var Storbritannias siste guvernør i Hongkong og var britisk medlem av EU-kommisjonen med ansvar for utanriksspørsmål i tidsrommet 2000-2004. Han er også Chancellor eller æresrektor ved University of Oxford. Patten er no oppteken av å opna EU for tyrkisk medlemskap.

- Positivt med Tyrkia som EU-medlem

- Utgangspunktet for opprettinga av EU var jo å gjera det umogleg for dei to nabolanda Frankrike og Tyskland å gå til krig mot kvarandre i framtida. Det har EU lykkast godt med, og det har til og med fått med tidlegare sovjetiske satellittstatar som medlemar utan at det kom til alvorlege konfrontasjonar med Russland etter Sovjetunionens samanbrot.

- Tyrkia er noko så utypisk som ein sekulær stat i den muslimske verda. Ei EU-utviding som omfattar Tyrkia, må bli omtala som noko positivt. Dei som ikkje vil ha landet som medlem bør altså tenkja over kva negative konsekvensar det kan få, understreka Patten. Han hadde lita tru på at det var frykta for tyrkisk medlemskap som var årsaka til at fleirtalet av innbyggjarane i Frankrike og Nederland stemte imot framlegget til ein eigen konstitusjon for EU.

- I Frankrike stemte folk flest nei som ein konsekvens av den feilslåtte økonomiske politikken til regjeringa, medan mange politikarar gjekk imot konstitusjonen fordi den ikkje institusjonaliserte anti-globaliseringspolitikken og det franske velferdssystemet. Folk i Nederland stemte nei i protest mot ei svak og usynleg regjering med ein statsminister heilt utan karisma, slo han fast.

- Eit virtuelt parlament

Også Patten vedgjekk at EU lir under eit demokratisk underskot.

- EU-parlamentet er i røynda eit virtuelt parlament utan reelle europeiske veljarar. Slik vil det truleg bli, så lenge dei politikarane som gjerne vil inn i parlamentet, ikkje kan argumentera for fordelane med EU. Då vil dei rett og slett ikkje bli valde. Eg saknar difor politikarar som kan snakka om EU med entusiasme, utan at det blir ei form for europeisk nasjonalisme, sa Patten.

- Ukraina må med

Når det gjeld EU-utviding, vil han gjerne at den omfattar både land på Balkan og Ukraina.

- Ikkje minst må EU ta ansvaret for å samarbeida best mogleg med Ukraina og etter kvart tilby landet medlemskap, meinte han. Som tidlegare medlem av EU-kommisjonen, kunne han koma med fleire avsløringar om arbeidsfordelinga mellom kommisjonen og EUs ministerråd.

- Eg hadde inntrykk av at ministerrådet alltid overlet dei vanskelege utanrikspolitiske spørsmåla til oss i EU-kommisjonen. Difor var det me som fekk ansvaret for å ta opp moglege menneskerettsbrot frå Russlands side i Tsjetsjenia og dei vanskelege forhandlingane om korleis russarane skulle få tilgang til enklaven Kaliningrad gjennom eit land som er EU-medlem. Også ein avtale om det framtidige forholdet mellom dei nye EU-medlemane og Russland, var det kommisjonen som måtte forhandla fram, fortalde Patten.

Emneord: Internasjonalisering, EU Av Martin Toft
Publisert 2. nov. 2005 13:37 - Sist endra 10. des. 2008 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere