Walesa gav paven æra for Polens opprør

- Det var besøket til pave Johannes Paul den andre i 1979 som fekk Polen til å vakna og folk til å våga å delta i streikar. Ja, paven fekk til og med kommunistane til å gjera krossteiknet, sa Polens tidlegare president, den tidlegare fagforeiningsleiaren og vinnaren av Nobels fredspris, Lech Walesa på eit seminar i Georg Sverdrups hus, UiO, onsdag 5. oktober.

I GODT SLAG: Den gamle fagforeiningskjempa Lech Walesa var i godt slag då han talte til over 400 tilhøyrarar på UiO.
Foto: Ola Sæther

- Me berre lo då Mikhail Gorbatsjov blei utnemnt til ny partisjef i Sovjetunionen og lova at han skulle reformera det kommunistiske systemet der. Grunnen var at me visste at kommunismen ikkje let seg reformera, understreka Lech Walesa overfor eit fullsett auditorium i Georg Sverdrups hus. Han viste til at Polen har lidd under det faktum at landet ligg mellom Russland og Tyskland.

- Kvar gong dei ynskte å besøkja kvarandre gjekk den snaraste vegen over polsk territorium. Då fann dei ut at Polen var eit fint land og dei bestemte seg for å bli verande. Difor var Polen i 120 år ikkje-eksisterande på Europa-kartet og etter den andre verdskrigen blei Polen ein del av interessesfæren til Sovjetunionen og Josef Stalin, fortalde han.

- Polen åtvara verda

Walesa viste til at Polen hadde åtvara verda mot Tysklands stormaktsambisjonar før den 2. verdskrigen braut laus.

- Men det var først då krigen kom til Paris og London, desse landa hugsa åtvaringane som hadde kome frå Polen tidlegare. Etter den andre verdskrigen åtvara me Vesten mot å inngå avtalar med Stalin. "De vil bli lurte", sa me. Men likevel gjorde Vesten det. Resultatet blei at halve Europa blei ufri, samtidig som Vesten braut det diplomatiske sambandet med Polens legitime eksilregjering, og oppretta diplomatisk samband med ei polsk regjering som var utnemnt av Stalin, slo Walesa fast.

- Paven hadde æra

Grunnleggjaren av Solidaritet gav mesteparten av æra for at kommunistregimet i Polen braut saman til den polske paven, Johannes Paul den andre.

- Han skal vel ha rundt 50 prosent av æra for det, medan Solidaritet og eg kan ta på oss 30 prosent av æra. Paven oppmuntra oss ikkje til å gjera ein revolusjon, men med bodskapen sin, tvang han oss til å tenkja sjølve, meinte han. Lech Walesa såg også framover.

- Den nye generasjonen har sjansen til å skapa ei verd av fred og harmoni. Dei må endra strukturane i heile verda slik at det kan bli ein solidaritetsepoke for alle menneske. Men dess høgare utvikling eit land opplever, dess større farar lurer og dess større behov har landet for verdiar. Difor må me skapa eit menneske med samvit og difor må me skriva kloke ord inn i EUs og andre organisasjonar sine program og vedtekter, minna Walesa om.

Til slutt delte han ut ordenar både til utgåande statsminister Kjell Magne Bondevik og påtrappande stortingspresident Thorbjørn Jagland og mindre kjende personar for den solidariteten og støtta dei og andre nordmenn ytte til det polske folket før, under og etter streikane ved Lenin-verftet i Gdansk.

Seminaret blei skipa til i samband med 25-årsjubileet for stiftinga av fagrørsla Solidaritet på Lenin-verftet i Gdansk. Arrangørar var Senter for utvikling og miljø, UiO og Den polske ambassaden.

Emneord: Menneskerettar, Lech Walesa Av Martin Toft
Publisert 5. okt. 2005 16:06 - Sist endra 10. des. 2008 16:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere