UiO lovar meir nynorsk på nettsidene

Studieinformasjon på nettet skal i større grad enn i dag vera på nynorsk. Det er eitt av tiltaka UiO vil setja i verk for å få opp nynorskprosenten. - Årsaka er at mengda av trykt informasjon har gått ned til fordel for elektronisk informasjon, seier informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal til Uniforum.

MEIR NYNORSK: UiO lovar å bli flinkare til å bruka nynorsk både på nettet og i trykksaker.
Foto: Ståle Skogstad

Universitetet i Oslo planlegg også andre tiltak for å auka bruken av nynorsk ved Noregs største universitet. I eit brev UiO har sendt til Kultur- og kyrkjedepartementet går det fram at også den trykte studieinformasjonen, både i studiekatalogen, velkomstbrosjyren til nye studentar og informasjonsstoffet om Open dag og andre store arrangement retta mot eit stort publikum, skal ha ein større nynorskbrøk enn i dag.

Fekk kritikk frå departementet

Dei annonserte tiltaka kjem som svar på kritikken frå både Kultur- og kyrkjedepartementet og Språkrådet av at UiO er svært langt frå å fylgja kravet i Mållova til statsinstitusjonar om at ingen av dei to norske målformene skal vera representert med mindre enn 25 prosent i rundskriv, kunngjeringar, brosjyrar og redaksjonelt stoff i blad, tidsskrift og bøker. I eit brev som departementet sende ut i august i år, fekk UiO frist til 1. oktober med å presentera tiltak for å få opp nynorskprosenten. Det er desse tiltaka UiO presenterer i brevet som blei sendt til Kultur- og kyrkjedepartementet 30. september.

- Viser vilje til auke

Informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal trur likevel ikkje at desse tiltaka automatisk vil føra til at UiO oppfyller målet på 25 prosent.

- Det vil i alle fall visa at me har vilje til å auka nynorskprosenten. Dessutan håpar me at det vil gi ringverknader for det daglege livet på fakulteta, institutta og sentra, slik at dei også kan gjera sitt for å betra balansen mellom bokmål og nynorsk, seier Kjøllesdal.

Sjølv om Universitetet i Oslo ligg i ein landsdel som er dominert av bokmål, og har mange tilsette som kjem frå dette området, trur han ikkje det er umogleg å få nokon av dei til å bruka begge målformene.

- Det har noko med trening å gjera. Mange føler at dei ikkje har kompetanse til å skriva på nynorsk. Til det er det å seia at det finst gode elektroniske omsetjingsprogram som er mykje betre enn det nynorske rettskrivingsprogrammet til Microsoft. Og det er mogleg å senda tilsette på nynorskkurs, understrekar han.

- Ikkje gode nok rutinar

Samtidig stiller Kjøllesdal spørsmål ved om rapporteringane om bruk av målform ved UiO, er korrekte.

- Det kan henda at det er ei underrapportering av nynorskbruk, fordi rutinane ikkje er gode nok. Me må gjera noko med det, slik at den nynorsken som faktisk blir brukt kjem med i den årlege rapporten til Språkrådet, lovar han.

I brevet til Kultur- og kyrkjedepartementet går det fram at det er fleire område som oftare skal koma i nynorsk språkdrakt. Det gjeld kontaktinformasjonen til alle studieprogram og emne. Søkjeinformasjon, meir generell informasjon om studium og tekst på studentlivsportalen skal òg koma på nynorsk meir enn i dag. Det er allereie i gang ei omstrukturering av informasjonen om studieprogramma.

- I samband med dette arbeidet skal det fastsetjast kva for bolkar som skal veksla mellom bokmål og nynorsk. Arbeidet startar i haust, men blir ikkje avslutta før våren 2006. Kva som skal stå på bokmål og kva som vil stå på nynorsk, blir eit resultat av dette arbeidet, seier Kjøllesdal.

Emneord: Universitetspolitikk, Nynorsk Av Martin Toft
Publisert 6. okt. 2005 15:05 - Sist endra 10. des. 2008 16:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere