Margreth Olin får prisen som ein heider for det ho har utretta og som eit ynskje om at ho, som den yngste som til no er tildelt Jonasprisen, skal få høve til å arbeida vidare som filmskapar og forfattar i eit velferdspolitisk og spesialpedagogisk perspektiv. I ord og bilete har ho makta å formidla denne kunnskapen på ein gripande, haldningsskapande og handlingsdrivande måte, heiter det.
Margreth Olin tildelt Jonasprisen
Filmskaparen Margreth Olin er tildelt Jonasprisen for 2005. Prisen blei delt ut av Institutt for spesialpedagogikk, UiO tysdag 11. oktober. Juryen trekkjer spesielt fram Margreth Olins store innsikt og innleving i situasjonen til dei utviklingshemma.
JONASPRISEN: Filmskapar Margreth Olin får tildelt Jonasprisen av professor Edvard Befring.
Foto:
Ola Sæther
Publisert 11. okt. 2005 15:11
- Sist endra 10. des. 2008 15:27
Logg inn for å kommentere