Valt og tilsett i same jobb

Historieprofessor Jorunn Bjørgum og filosofiprofessor Bjørn Ramberg er begge instituttleiarar på HF. Men Jorunn Bjørgum er den einaste som er valt, medan Bjørn Ramberg er ein av seks tilsette instituttleiarar. Uniforum har snakka med begge to.

ULIK TILSETTING: Historieprofessor Jorunn Bjørgum og filosofiprofessor Bjørn Ramberg er begge instituttleiarar ved HF. Men Jorunn Bjørgum er valt, medan Bjørn Ramberg er tilsett.
Foto: Ola Sæther

Rundt eitt og eit halvt år etter at dekan Bjarne Rogan kasta ein brannfakkel inn i fakultetet ved å foreslå å slå saman dei 13 institutta ved HF til sju nye store institutt og samtidig berre ha tilsette instituttleiarar, har reforma blitt gjennomført. Det vil seia at det har nok ikkje gått heilt etter planen. Styret ved eitt av dei store institutta, Institutt for arkeologi, konservering og historiske studium, fekk velja instituttleiar. Alle dei andre institutta fekk leiarar som blei tilsette av fakultetsstyret etter at Universitetsstyret hadde gitt dei dispensasjon frå normalreglementet.

Den valde

Dermed er det berre historieprofessor Jorunn Bjørgum som er blitt valt til vervet som instituttleiar. Uniforum treffer henne i Niels Henrik Abels hus. Ho synest det er interessant å leggja merke til at både ho og dei tilsette instituttleiarane byrja i jobben om lag samtidig.

- Om alle hadde blitt valde, så kunne instituttleiarane ha vore på plass endå tidlegare. Og då ville det heller ikkje ha vore naudsynt å senda inn ein søknad om dispensasjon frå normalreglementet til fakultetet. Det einaste som skil oss frå kvarandre er nemleg måten me er blitt tilsette på.

- Du var ein av dei HF-tilsette som uttalte deg sterkast imot omorganiseringa til dekan Bjarne Rogan. Trur du det talte imot deg då du først søkte jobben som instituttleiar og ikkje fekk den?

- Eg er glad for at eg kunne overlata den vurderinga til instituttstyret. Det valde å velja instituttleiar, og instituttet valde meg. Det er jo interessant at det faktum at innstillingsutvalet ved fakultetet ikkje ville innstilla meg, opna opp for at eg kunne veljast til instituttleiar. Dermed var instituttet vårt det einaste som fylgde normalreglementet for val av instituttleiar.

- Kvifor søkte du jobben som instituttleiar når du likevel var imot innføring av ei ordning med tilsette instituttleiarar på HF?

- I utgangspunktet søkte eg jobben fordi eg blei spurt av den førre instituttleiaren om eg kunne tenkja meg å stilla opp som kandidat til instituttleiarvervet. Sidan eg i første omgang heller ikkje såg andre tilgjengelege kandidatar samtidig som eg hadde lyst til å vera med på å forma det nye instituttet, sende eg inn ein søknad. Eg syntest dessutan det var morosamt å vera styrar for det gamle Historisk institutt, sist eg hadde eit slikt verv, seier Jorunn Bjørgum.

Førebels synest ho det er vanskeleg å seia korleis røynslene har vore så langt fordi organiseringa av instituttet først no er i ferd med å gå seg til. Ho tykkjer at det største hinderet for å få til eit velfungerande institutt er den kjensgjerninga at dei tilsette ved instituttet har arbeidsplassen sin på tre ulike stader, nemleg Niels Henrik Abels hus på Blindern, Blinderveien 11 og Frederiks gate 2 i sentrum.

- Det er eit kjempeproblem at me enno ikkje er samlokaliserte. Og med dei store plassproblema som eksisterer, er det vanskeleg å sjå at det er mogleg å få til noko samlokalisering i overskodeleg framtid.

- Det er også klart at dersom faghistorikarane ved Forum for samtidshistorie til dømes skulle få godkjent søknaden om å bli eit senter for framifrå forsking, då ville plassproblema våre bli endå større. Difor håpar me at instituttet skal få innpass i PO-bygningen på Blindern. Der vil det det vera mogleg å oppnå målet om å få til ei samlokalisering av heile instituttet, konstaterer ho.

Den tilsette

I det andre hjørnet av Blindern, i P. A. Munchs hus, held filosofiprofessor Bjørn Ramberg til. Han er tilsett som instituttleiar for Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk.

- Viss eg hadde vore imot innføring av ei ordning med tilsette instituttleiarar, hadde eg ikkje søkt denne jobben. For meg er det viktigare at det er instituttstyret som har vedtatt at instituttleiaren skal vera tilsett enn praksisen i seg sjølv. Og etter at eg i ein periode var instituttleiar ved Simon Fraser University i Canada, tykte eg det kunne vera ei utfordring å søkja denne stillinga, fortel Ramberg. Han ser i alle fall ein fordel i at instituttet no er blitt mange gonger større.

- På eit lite institutt må alle til slutt ta sin tørn som instituttleiar, anten dei har lyst eller ikkje. Ved eit stort institutt går det an å lata vera å ta på seg eit slikt verv. Og då er det ofte tilfeldig kven som til slutt blir vald.

- Dessutan må eg hugsa på at eg også er leiar for dei administrative tilsette og ikkje berre for dei vitskaplege tilsette ved instituttet. Då blir det viktig å kunna setja seg inn dei andre sin situasjon. Problemet er jo at mange ofte legg inn andre og gale motiv for andre sine haldningar før dei ser kvifor dei tenkjer som dei gjer. Difor er jobben også mykje meir fascinerande enn det den var før, synest han.

Han fryktar ikkje at han vil tapa fagleg på at han har fått og takka ja til denne stillinga.

- Nei, det er dessutan så tidleg i den akademiske karrieren min at eg også kan driva forsking etter at åremålet for denne stillinga er gått ut. Eg synest det er flott med litt avveksling.

- Kva trur du blir den største utfordringa?

- Det må vera å integrera dei forskjellige einingane som alle har sine eigne tradisjonar og måtar å gjera ting på slik at me saman kan danna eit velfungerande og ope institutt, slår han fast. Og han synest det er fint at idéhistorie og filosofi no tilhøyrer det same instituttet.

- Det er eg glad for, og begge faga vil samarbeida om felles kurs på eit vidt felt. Dessutan er eg godt nøgd med at retorikk-kurset til Øivind Andersen ligg ved dette instituttet, seier han.

Emneord: HF: nytt institutt for språk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 28. sep. 2005 11:40 - Sist endra 10. des. 2008 16:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere