Reikvam: - Ikkje alle kan studera ved UiO

- Politikarane må snart bestemma kor stort Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen skal bli. Alle kan ikkje ta statsvitskap ved desse universiteta. Det sa leiar for Stortingets utdannings- og forskingskomité, Rolv Reikvam (SV) i ein debatt i Chateau Neuf måndag 5. september.

STATLEG ANSVAR: - Staten må bidra med 40 prosent av dei auka investeringane i forsking fram til 2010, sa Rolv Reikvam i Chateau Neuf. RVs Liv Gulbrandsen og Sps Hilde S. Grønhovd lyttar.
Foto: Martin Toft

Stortingsrepresentant Rolv Reikvam fekk støtte både frå Høgres Inge Marie Eriksen, Venstres Trine Skei Grande og Krfs Carl Fredrik Tjerandsen.

- Alle skal få studera det dei vil, men dei får ikkje alltid gjera det der dei vil, meinte Carl Fredrik Tjerandsen, som viste til at det er høve til å studera statsvitskap også ved fleire høgskular i Noreg.

- Difor synest eg ikkje det gjer noko om ikkje alle kjem inn på statsvitskapsstudiet ved UiO, slo han fast. Han fekk støtte frå dei andre partia, til og med frå Kristian Norheim frå FrP, som sjølv hadde tatt hovudfag i statsvitskap ved UiO.

Støtta Kvalitetsreforma

Alle partia støtta innføringa av Kvalitetsreforma, sjølv om dei såg at den også hadde ført til enkelte problem. Berre Raud Valallianses Liv Gulbrandsen brukte negative ord om denne reforma i dette ordsskiftet.

- Dette er ei kvantitetsreform som gjer universitetet om til ein pølsefabrikk, meinte ho.

Partia lova å auka studiestøtta, men det var berre Ine Marie Eriksen i Høgre som med eit smil kunne konstatera:

- I forslaget til statsbudsjett for 2006 har regjeringa lagt inn ei indeksregulering av studiestøtta. Det har me fått så solid skryt for frå Norsk Studentunion at statssekretær Bjørn Haugstad har sett pressemeldinga inn i glas og ramme, avslørte ho.

Vil satsa på forsking

Det var også tverrpolitisk semje om å auka satsinga på forsking fram til 2010. Dei var berre usamde om korleis det skulle skje.

- Eg trur ikkje næringslivet vil klara å investera så mykje i forsking at det vil utgjera to tredelar av denne auken. Difor meiner eg at staten må ta seg av 40 prosent av auken, medan dei private og andre kjelder får ta resten, slik at fordelinga på investeringa i forsking, blir den same som i dag, sa Reikvam.

- I motsetnad til Reikvam trur eg på næringslivsleiarane når dei seier at dette skal dei vera med på. Difor trur eg at me skal klara det med den fordelinga på investeringane som me har vist til i Forskingsmeldinga, sa stortingsrepresentant Ine Marie Eriksen frå Høgre.

Ingen parti hadde heller noko imot å auka investeringane i forsking med 50 milliardar kroner fram til 2010.
- Det vil regjeringa få full støtte til frå Arbeidarpartiet, sjølv om investeringane heller burde vore på 150 milliardar, meinte Trine Lie Larsen, som er generalsekretær i AUF. Det var Norsk Studentunion som arrangerte debatten, som hadde samla rundt 100 tilhøyrarar.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. sep. 2005 14:20 - Sist endra 10. des. 2008 15:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere