Lars Walløe tildelt St. Olav

Medisinprofessor Lars Walløe er utnemnd til Kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden. Walløe får denne heideren både på grunn av forskinga si og på grunn av dei offentlege verva han har hatt. - Det er fint å bli sett pris på for noko som eg heile tida har tykt det har vore morosamt å driva på med, sa Lars Walløe då han fekk utdelt ordenen i Vitskapsakademiet onsdag 31. august.

ST.OLAV: Medisinprofessor Lars Walløe med ordensteiknet som viser at han er Kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.
Foto: Ola Sæther

Forskinga hans har mellom anna handla om korleis blodstraumen hos menneske og andre pattedyr blir regulert, utviklinga av sekvensielle metodar i statistikk og utarbeiding av lærebok om argumentasjonsteori, språk og vitskapsfilosofi. Frå 1987 til 1994 leidde Walløe Det norske sjøpattedyrprogrammet, frå 1989 har han vore leiar for den norske delegasjonen til Vitskapskomitéen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen. Han har også vore preses, altså leiar for Det Norske Vitskapsakademiet.

Emneord: Forskning, Priser Av Martin Toft
Publisert 7. sep. 2005 10:48 - Sist endra 10. des. 2008 15:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere