Isegran- frå sjørøvarreir til arkeologisk stasjon

Isegran i Fredrikstad blei først omtala i 1287 i islendingen Gottskalks annalar. Dei siste 32 åra har prakteigedomen vore ein del av UiO. Men dersom UiO ikkje brukar eigedomen, kan Fredrikstad kommune krevja den tilbake for ei krone. Det skjedde for eit halvt år sidan. Men det er ikkje det mest dramatiske som har hendt på Isegran.

EINASTE TILSETTE: Driftsteknikar Synnøve Eriksen er einaste tilsette på Isegran og har jobba der i 16 år.
Foto: Ola Sæther

Tekst: Martin Toft
Foto: Ola Sæther

Isegran blei først brukt av jarl Alv Erlingsson i åra 1284 til 1285 som tilfluktsplass etter piratverksemd mot danske, tyske og frisiske handelsskip. Han opererte på oppdrag frå enkedronning Ingebjørg, som etter mannen, Magnus Lagabøters død ynskte å prega storpolitikken. Alv Erlingsson blei hennar yndling og reiskap for å oppnå makt.

Men den dåverande hertugen, som seinare blei kong Håkon den femte, såg ikkje med blide auger på herjingane til jarlen. Blidare blei han ikkje etter at Alv Erlingsson, etter dronninga sin død i 1287, gjorde opprør og drap hertugen sin høvedsmann i Oslo, Hallkjell Krøkedans på Isegran. Hemnen var grusom. Hertug Håkon gjekk til åtak på borga på Isegran og drap 400 av Alvs menn. Borga blei også øydelagd. Alv Erlingsson drog til Danmark der han tre år seinare heldt fram med herjingane sine før han blei tatt til fange i Helsingborg. Der vart han seinare dømd til døden og avretta.

Arkeologisk stasjon

Dette er det mest dramatiske som har skjedd på Isegran fort, som lenge var ein del av dei ytre forsvarsverka til Fredrikstad festning. I 1961 overtok Fredrikstad kommune eigedomsretten frå staten. Elleve år seinare kom statsstipendiat Erling Johansen med framlegg om å bruka Isegran til arkeologisk stasjon for Universitetets oldsaksamling. Framlegget blei vedtatt av kommuneleiinga, og etter at restaureringsarbeidet med Isegranhuset var ferdig, kunne kommunen i 1973 skriva under ein avtale med UiO om etablering av den arkeologiske stasjonen. For den symbolske summen av ei krone, kunne UiO leiga hovudhuset, eit murhus, vaktmeisterbustaden, kabelmagasinet, krutmagasinet og ein del av båthuset.

Altmoglegdama

I dag blir Isegran brukt som seminar- og kursstad for heile universitetet. Driftsteknikar Synnøve Eriksen er den einaste fast tilsette ved Isegran. I 16 år har ho vore både kokke, dagleg leiar, reingjeringshjelp og vaktmeister på Isegran. Då Uniforum kom på besøk, serverte ho oss brødskiver og kaffi i praktstova i hovudbygningen.

- Sjå på desse flotte veggmåleria. Det var avdøde Erling Johansen og arkitekt Ivar Bruu som fann dei bak fem lag med tapet under restaureringsarbeidet her i 1972. Måleria blei truleg måla på midten av 1700-talet, men ingen veit kven kunstnaren var, fortel ho.

Isegranhuset blei bygt rundt 1650 og er Fredrikstads eldste trehus. Medan Universitetet i Oslo skal ta seg av det indre vedlikehaldet, er det ytre vedlikehaldet Fredrikstad kommunes ansvar. Og på ytterveggane flassar målinga av på sjøsida av huset, medan framsida på huset er nymåla.

- Det var målarfirmaet Kjørtelsen som sponsa dette arbeidet, fordi Fredrikstad kommune ikkje hadde råd, seier Eriksen, som samtidig synest det er leit at dei ikkje har måla resten av huset i same slengen. Ho vil gjerne at hovudhuset og resten av bygningane skal vera i best mogleg stand for overnattingsgjestene og seminardeltakarane. I 2004 hadde Isegran 687 gjestedøger og 260 dagsbesøk. Mesteparten av dei kom frå Universitetet i Oslo, men også Fredrikstad kommune har vore ein flittig brukar av møtelokala på Isegran. Ja, til og med Fredrikstad blues-og jazzklubb har hatt seminar der.

- Det er klart det blir mykje arbeid på meg og sivilarbeidaren vår. Men når me får overnattingsgjester, som i tillegg til frukost, også skal ha lunsj og middag, då tilkallar me eit cateringselskap i Fredrikstad. Både sivilarbeidaren og eg deltar i serveringa, understrekar ho.

Brannøving éin gong i året

Det hender også at seminara får eit uventa avbrot.

- Sidan hovudhuset er Fredrikstads eldste trehus og dei andre bygningane også er verneverdige, er me pålagde å ha brannøving ein gong i året. Og det er sjølvsagt ikkje nokon vits å ha brannøving når berre eg er til stades. Difor slår me alltid på alarmen som varslar Brannvesenet i Fredrikstad, på eit tidspunkt når det er mykje folk her. Då finn me ut kor lang tid det tar før dei kjem hit, seier ho.

Synnøve Eriksen vil gjerne oppfordra endå fleire institutt, senter, avdelingar, museum og studentorganisasjonar ved UiO til å leggja seminar til Isegran.

- No har me akkurat skifta ut sengene, så ingen skal lenger sova dårleg, seier ho nøgd.

Renessansehagen

Og for dei som likar blomar, er renessansehagen framom hovudhuset eit funn.

- Hagen er ein nøyaktig kopi av den hagen som er vist på eit kart over Isegran frå 1750. Då hagen blei restaurert på byrjinga av 1900-talet fann arbeidsfolka eit havarert skip. Men dei hadde ikkje råd til å få det opp. Så difor ligg det framleis under jorda, fortel ho oppglødd.


Rundt hagen er det gangstigar, fleire plantefelt, eit lysthus og ei bryggje. I sommarhalvåret er det også mogleg å ta ei ferje frå Isegran og over til Gamlebyen i Fredrikstad.

- Det er ein fantastisk vakker plass, og eg har trivest her frå først dag på jobb. I eit brev Fredrikstad kommune sende til UiO tidlegare i år, går det fram at kommunen kan tenkja seg å overta Isegran igjen for å gjera det om til eit fartøyvernsenter.

- Nei, det håpar eg ikkje skjer. Eg er svært nøgd med UiO som eigar og har berre hatt hyggelege kollegaer som eg har samarbeidd godt med. Ja, alle dei som kjem hit er også svært kjekke folk, synest ho.

I diskusjon med Fredrikstad

Driftssjef Astri Ottesen i Teknisk avdeling stadfestar at Fredrikstad kommune og UiO diskuterer framtida til Isegran.

- Fredrikstad kommune har ytra eit ynske om å avgrensa bruken av Isegran berre til det arkeologiske miljøet ved UiO. Me har derimot presisert at heile universitetet skal kunna bruka Isegran. Ein ny avtale med Fredrikstad kommune helsar ho velkomen.

- Førebels har me ikkje fått noko endeleg svar frå Fredrikstad kommune. Men i framtida må i alle fall fleire UiO-avdelingar enn i dag bruka denne prakteigendomen, synest ho. Ottesen er klar over at målinga held på å flassa av ytterveggen til hovudhuset.

- Difor vil UiO kosta malearbeidet på sjøsida av hovudhuset, seier ho.

(Kjelder: De annabilis Isegrani, Hendt på Isegran 1287-1997 av Erling Johansen, Egil Sund, Harald Stenseth og Ola Øgar Svensen. Driftsteknikar Synnøve Eriksen og driftssjef Astri Ottesen i Teknisk avdeling, UiO)

Emneord: Isegran, Museene Av Martin Toft
Publisert 13. sep. 2005 11:12 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere