Ingen omkamp om Kvalitetsreforma

Ingen av rektorkandidatane vil ha omkamp om Kvalitetsreforma. Det kom klart fram i den offisielle valdebatten mellom rektorkandidatane i Georg Sverdrups hus i går. Alle kandidatane var også glade for at dei raudgrøne vann stortingsvalet.

INGEN OMKAMP: Ingen av rektorkandidatane vil ha omkamp om Kvalitetsreforma.
Foto: Ola Sæther

Framfor 200 tilhøyrarar skulle debattleiar Andreas Hompland grilla dei fem rektorkandidatane ved UiO. Det første han ville vita var kva regjeringsalternativ dei hadde røysta på under stortingsvalet dagen før. Berre Kristian Gundersen og Stein Evensen svarte klart på at dei hadde røysta på dei raud-grøne, men på grunnlag av dei litt unnvikande svara til Geir Ellingsrud, Fanny Duckert og Lars Walløe gjekk det klart fram at også dei hadde røysta på dei raudgrøne.

- Men det er viktigare kven som blir statsråd i Utdannings- og forskingsdepartementet enn kva regjering det blir, sa rektorkandidat Lars Walløe, som meinte å vita at at dei fleste kjente til at han tilhøyrde den sosialdemokratiske leiren.

- Alle rektorkandidatane ligg altså godt innanfor handlingsrommet til den nye regjeringa, konkluderte Hompland etter desse svara.

Den beste kandidaten

Dei måtte også svara på kva som var den viktigaste saka for dei og kvifor akkurat dei var best skikka til den jobben.

- Dagens finansieringsordning er for vanskeleg og må endrast. UiO treng difor ein rektor som kan forhandla med ein ny statsråd og som kan vera med på å spissa forskinga ved universitetet, meinte Walløe.

- Eg har lyst på jobben og eg vil vera den rette til å profilera UiO internasjonalt og få folk til å forstå at det ikkje lenger eksisterer nokon grense ved Svinesund for universitetet vårt, meinte Evensen.

- For meg blir dei viktigaste sakene, demokrati, forskingsfridom og finansieringssystemet. Eg har bakgrunn som initiativtakar til Vox Academica der eg har vist kva eg står for gjennom arbeidet mot Ryssdal-utvalet, svara Ellingsrud.

- Viss eg blir vald, vil UiO få ein rektor som torer å seia ifrå i det offentlege rom på same måten som tidlegare rektor Kaare R. Norum. For meg er det viktig at både studentar og forskarar får halda fast på den akademiske fridomen, lova Gundersen.

- Med meg som rektor vil UiO bli både ope og synleg. Eg vil ta fagmiljøa på alvor og alt skal vera synleg også nedifrå og opp, og ikkje berre ovanfrå og nedover. Dessutan har eg den beste røynsla med å jobba i team av alle kandidatane, meinte Duckert.

Duckert er Evensens andrekandidat

Og Fanny Duckert må ha overtydd både Stein Evensen og Lars Walløe om at ho er eit godt alternativ til dei to. Andreas Hompland kunne nemleg visa til at Lars Walløe har sagt at Fanny Duckert kan bli hans andreval.

- Ho er eitt av to alternativ, sa Walløe då han fekk spørsmål om kven han ville setja opp som andrekandidat.

- Fanny Duckert er min andrekandidat, svara Evensen på det spørsmålet. Kristian Gundersen hadde allereie stemt.

- Eg sette dei som snakkar mest om styring og minst om fridom, lengst nede på lista mi, avslørte han.

Ellingsrud hadde ingen klar kandidat til andreplassen på lista, og heller ikkje Duckert ville avsløra kven ho ville rangera som nummer to på røystesetelen sin.

Ingen omkamp

I debatten gjekk det klart fram at ingen av kandidatane ville ha omkamp om Kvalitetsreforma. Alle var dessutan samde om at barnesjukdomane til reforma må kurerast.

- No er det tid for konsolidering og satsing på forsking. Det tyder ikkje at eg ikkje vil gjera noko med problema som studiereforma har skapt. Eg meiner at det er heilt på sin plass med ei studiereform, og studentane er også stort sett nøgde, konstaterte Walløe.

Gundersen var også vennleg stemt overfor denne omstridde reforma.

- Eg var ikkje imot innføring av ei studiereform, men problemet var at UiO ikkje sette den i gang på eige initiativ. Diverre har kravet om betre gjennomstrøyming ført til at me har fått utvikla "Den instrumentelle studenten." Dessutan er universitetet blitt meir skule enn kva det var før, slo Gundersen fast. Heller ikkje Ellingsrud var imot denne reforma.

- Nei, eg har aldri sagt noko negativt om studiereforma. Men eg er einig i at noko må gjerast med enkelte sider av reforma. Det er også rett at det var Kristin Clemet som fullfinansierte reforma, og ikkje Trond Giske. Derimot eksisterer det både eit finansierings- og eit byråkratiseringsproblem, konstaterte han. Stein Evensen var svært nøgd med reforma.

- Det medisinske fakultetet innførte ei ny studieordning med sterk vekt på problembasert læring i 1996. Me gjorde det trass i at Kristian Gundersen var negativ til innføringa av Oslo 96, og for eit par år sidan fekk me Utdannings- og forskingsdepartementets pris for godt undervisningsmiljø for den. Det er positivt at reforma fører til intellektuell nærkontakt mellom student og forskar, sa Evensen. Også Fanny Duckert uttrykte støtte til reforma.

- Intensjonen i reforma er mykje vidare enn det Kristian Gundersen seier. Samtidig skaper den ein eksplosjon i eksamensutgifter. Studenten kan også risikera å få ei lappeteppeutdanning i staden for fagleg fordjuping. Me må i alle fall seia klart i frå om at reforma ikkje er fullfinansiert, slo ho fast.

Emneord: Universitetspolitikk, Rektorvalet 2005 Av Martin Toft
Publisert 14. sep. 2005 10:35 - Sist endra 10. des. 2008 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere