Hylland: - Viktig å rangera rektorkandidatane

- Det er viktig at alle rangerer alle kandidatane frå 1 til 5 under rektorvalet. På den måten kan stemma di telja, sjølv om førstevalet ditt er ute etter første runde. Det seier økonomiprofessor Aanund Hylland, som leier Valstyret ved UiO. Han trur det er bra for universitetet at rektorvalkampen også har fått brei dekning i hovudstadsavisene.

STEM TIDLEG: - Valstyret vil rå alle dei UiO-tilsette til å senda stemma si i internposten innan måndag 26. september, seier Aanund Hylland,som leier Valstyret.
Foto: Ola Sæther

Torsdag 29. september klokka 16.00 startar oppteljinga av stemmesetlane som skal avgjera kven som skal overta rektorkjeda etter Arild Underdal frå nyttår. Medan dei tilsette kan senda stemmesetelen i internposten, må studentane avgi stemme ved urneval den 27.-29. september, fram til klokka 16.00 den 29.

- Valstyret vil rå alle dei UiO-tilsette til å senda stemma si i internposten innan måndag 26. september for å vera garantert at stemma kjem fram til torsdag 29. september kl. 16.00. Dei som er seint ute kan også leggja stemma si i stemmeurna i 5. etasje i Administrasjonsbygningen, seier leiar for Valstyret, Aanund Hylland til Uniforum.

- Nokon meiner at studentane har fått for dårleg informasjon om valet?

- Det er ikkje nokon vits i å senda ut informasjon seks veker før rektorvalet. Men dei kjem snart til å få meir enn nok informasjon om heile valprosessen. Alle studentane kan stemma i urneval over heile universitetet. Dei er altså ikkje obligatorisk å stemma akkurat ved det fakultetet der ein er registrert som student. Men det reint praktiske rundt røystinga til studentane, skal Studentparlamentet ta seg av. Valstyret tar seg av organiseringa av valet for dei tilsette og oppteljinga av stemmene, understrekar han.

- Når trur du resultatet av rektorvalet blir kunngjort?

- Førre gong det var fem kandidatar, då Kaare R. Norum blei vald i 1998, var me ferdige klokka 22.00. Noko anna kan eg ikkje svara på det spørsmålet. Men me skal prøva å gjera det så dramatisk som mogleg ved å fortelja kven som går ut etter kvar runde, lovar han.

Ulik vekting

Valsystemet ved UiO har ulik vekting av ulik stemmegruppe. Stemmene til dei vitskapleg tilsette utgjer 58 prosent av vektinga , dei teknisk og administrativt tilsette sine stemmer utgjer 17 prosent medan studentane sine stemmer utgjer 25 prosent av den samla vektinga.

- Difor må stemmene for dei tre gruppene teljast opp kvar for seg og deretter blir dei gitt den rette vektinga slik at me oppnår den vedtatte fordelinga. Dermed skal det ikkje reknast i talet på stemmer, men i samla stemmevekt. Under førre rektorval i 2001, hadde Eivind Osnes fleire stemmer frå dei vitskapleg tilsette enn Arild Underdal, men ikkje mange nok til at det kunne vega opp for dei vitskaplege stemmene som Underdal fekk i tillegg til at han fekk fleirtalet av stemmene til studentane og dei tekniske og administrative tilsette, fortel han.

- Sidan det er fem kandidatar denne gongen, er det lite truleg at ein av kandidatane får absolutt fleiral av dei teljande stemmene etter første valomgang. Nettopp difor er det viktig at dei røysteføre rangerer alle dei fem kandidatane frå 1 til 5. På den måten kan kandidaten du har rangert som nummer to, få stemma di, dersom førstekandidaten din går ut etter første valomgang, presiserer Hylland.

Brei dekning

- Eg trur den breie dekninga av rektorvalkampen i Aftenposten, Dagbladet og Morgenbladet i tillegg til i Uniforum og Universitas, kan vera med på å mobilisera både studentar og tilsette til å bruka stemmeretten sin under rektorvalet, seier Hylland. Og for dei fire kandidatane som vil tapa rektorvalet har han ei trøyst.
- Dei kan jo syta for å bli nominerte som kandidatar til nytt universitetsstyre. Og det valet skal avgjerast ved postval innan den 17. november, seier han.

Emneord: Rektorvalet 2005, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. sep. 2005 12:09 - Sist endra 10. des. 2008 15:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere