Halvor Moxnes æresdoktor ved Københavns Universitet

Teologiprofessor Halvor Moxnes, UiO, blir utnemnt til æresdoktor ved Københavns Universitet 17. november. Han blir ein av åtte framifrå utanlandske forskarar som får denne æra i år.

Moxnes får selskap av blant andre, Ole Didrik Lærum, som er medisinprofessor og tidlegare rektor ved Universitetet i Bergen. Også den pensjonerte historieprofessoren, Peter Sawyer, frå NTNU i Trondheim og University of Leeds skal utnemnast til æresdoktor denne datoen. Felles for alle æresdoktorarane er at dei er vitskapsfolk i verdsklasse, går det fram av ei pressemelding frå Københavns Universitet.

Emneord: Internasjonalisering, Teologi
Publisert 28. sep. 2005 10:34 - Sist endra 10. des. 2008 15:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere