Gir ut bok om døden i meksikansk litteratur

- Døden er fellesnemnaren for dei fem tekstane som eg har analysert i denne boka. Det seier førsteamanuensis Juan Pellicer ved Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk til Uniforum. I haust gir han ut boka "Entre la muerte y un vaso de agua" (Mellom døden og eit glas vatn) på forlaget til Nasjonaluniversitetet i Mexico (UNAM). Boka er basert på forelesingar han har halde ved UiO.

GIR UT BOK: Førsteamanuensis i latinamerikansk litteratur, Juan Pellicer har gitt ut ei bok der han analyserer fem av dei viktigaste verka i moderne meksikansk litteratur.
Foto: Ola Sæther

I boka har han analysert dei fem viktigaste litterære verka i Mexico frå 1900 til 2000. Boka inneheld tekstar av forfattarane, Juan Rulfo, Elena Poniatowska, Octavio Paz, José Gorostiza og Rodolfo Usigli.

- Eg tar utgangspunkt i diktet "Muerte sin fin" (Død utan ende) av José Gorostiza. Dette diktet på 775 vers handlar om døden og om skapinga. Deretter brukar eg lesinga av dette diktet til å analysera meininga til fire andre litterære tekstane. Då finn eg ut at det alle dei fem forfattarane har til felles, er at dei opptekne av døden og skapinga. Og dei nyttar seg av den meksikanske tradisjonen i forhold til døden, fortel Juan Pellicer.

Han peikar på korleis meksikanarane feirar Dei døde sin dag i november og gjer det til ein fest for levande og døde familiemedlemar.

- Hovudoppgåva mi har vore å sy desse fem tekstane saman til ein slags fellesskap. Difor har eg brukt den franske litteraturteoretikaren Gerard Genettes teori om transtekstualitet for å knyta dei saman litterært, men også i ein felles politisk og historisk kontekst, understrekar han.

Boka er altså basert på forelesingane han har halde for spanskstudentar ved UiO. Han sende inn manuset til forlaget i Mexico og der gav dei han klarsignal til å utarbeida tekstane slik at dei kunne bli til ei bok. Mesteparten av arbeidet gjorde Juan Pellicer under sabbatsåret sitt i 2002.

- Kva håpar du boka kan brukast til?

- Eg trur den vil vera nyttig både for forskarar og studentar ved høgskular og universitet som er interesserte i moderne meksikansk litteratur, meiner han. Av dei fem verka han har analysert, trekkjer Juan Pellicer gjerne fram romanen "Pedro Páramo" av Juan Rulfo.

- Det er eit meisterverk på 150 sider som klarer å få plass til heile Mexicos historie. Ikkje utan grunn reknar mange det som Mexicos viktigaste roman. Den blei skriven for 50 år sidan av ein sky mann som livnærte seg med å selja bildekk på landsbygda, fortel Pellicer.

Emneord: Forskning, Internasjonalisering, Litteratur (skjønn-) og forfattere, Latin-Amerika Av Martin Toft
Publisert 22. sep. 2005 14:25 - Sist endra 10. des. 2008 15:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere