Geir Ellingsrud vann rektorvalet

Matematikkprofessor Geir Ellingsrud blir UiOs neste rektor. Det er klart etter at oppteljinga viste at han hadde fått 56,1 prosent av stemmene medan Lars Walløe fekk 43,9 prosent av stemmene. - Det tar tid å få dette til å gå inn, men eg er svært nøgd med at eg har fått så stor oppslutnad blant dei vitskapleg tilsette, seier Geir Ellingsrud til Uniforum. Det var rekordhøg deltaking i rektorvalet samanlikna med dei to føregåande rektorvala.

VINNAREN: Geir Ellingsrud har vunne rektorvalet og blir gratulert av tapande rektorkandidat Fanny Duckert.
Foto: Ola Sæther

- Det vil nok bli forandringar i universitetspolitikken når mitt rektorat overtar samanlikna med politikken til dagens rektorat, seier Geir Ellingsrud i ein kommentar til Uniforum like etter at det er klart at han kjem til å vinna rektorvalet.

- Kva er det første du kjem til å gjera når du har sett deg i rektorstolen?

- Det er for tidleg å seia, men det blir ingen store endringar i byrjinga, svarar han. Han trur ikkje at det blir noko problem at han som nyleg avgått leiar av Forskarforbundet no skal bli både rektor og arbeidsgjevar.

- Nei, det trur eg ikkje. Eg har jo også drive politikk i Forskarforbundet. Difor blir eg ikkje Forskarforbundets mann i rektorstolen. Dessutan vil eg arbeida for å få til ein gjensidig respekt mellom meg og dei andre fagforeiningane også, lovar han.

Ellingsrud ser heller ikkje bort frå at han kan gjera seg nytte av dei andre rektorkandidatane etter at han overtar jobben som rektor.

- No er valkampen over og me skilst som gode vener. Eg har heile tida hatt eit godt forhold til dei fire andre kandidatane, konstaterer han.

Ellingsruds valsiger fører også til at medisinprofessor Haakon Breien Benestad er vald til ny prorektor. Førsteamanuensis i filosofi, Inga Bostad kjem til å bli utnemnt til viserektor for undervisning.

Stemmetala viser at han fekk 53,46 prosent av dei vitskaplege tilsette sine stemmer, 55,5 prosent av dei teknisk-administrative tilsette sine stemmer og 49,03 prosent av studentane sine stemmer.

Geir Ellingsrud er fødd i 1948 og har vore professor i matematikk ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet sidan 1992. Han arbeider med algebraisk geometri, og dei siste åra har han arbeidd i grenselandet mot teoretisk fysikk. I 1988 fekk han Noregs Allmennvitskaplege Forskingsråds (NAVF) pris for framifrå forsking og for tida er han nestleiar i Centre of Mathematics for Applications (CMA),eit av sentera for framifrå forsking.

Han har vore engasjert i universitetspolitikk og var ein av initiativtakarane til rørsla Vox Academica. Ellingsrud er valt på ei plattform der han vil fremja dei akademiske verdiane fagleg fridom, sjølvstende og kritisk tenking.

Rekordhøg valdeltaking

Valdeltakinga under rektorvalet var rekordhøg. Til saman stemte 58,32 prosent av dei vitskaplege tilsette, 55 prosent av dei teknisk/administrative tilsette og 12,3 prosent av studentane. Det vil seia at 1869 vitskaplege tilsette brukte stemmeretten sin medan 1330 teknisk/administative tilsette stemte. Blant studentane var det 3569 som deltok i rektorvalet.

I første valrunde gjekk Stein Evensen ut, medan Kristian Gundersen gjekk ut etter andre valrunde før Fanny Duckert gjekk ut etter tredje valrunde. Til sist stod det altså mellom medisinprofessor Lars Walløe og matematikkprofessor Geir Ellingsrud, og sistnemnde gjekk sigrande ut.

Skuffa

Rektorkandidat Stein Evensen var skuffa over at han hamna sist i dette løpet.

- Jo, eg vedgår det. Ærleg talt hadde eg trudd at prorektorkandidat Trine Syvertsen og eg ville ha fått større oppslutnad.

- Kvifor gjekk det så dårleg med dykk?

- Veljarane likte ikkje programmet vårt rett og slett. Samtidig er valresultatet eit signal om at eit fleirtal av veljarane ved UiO vil ha ein rektor med reformkritiske haldningar som skal løysa dei problema universitetet står overfor, konstaterer Evensen.

Emneord: Universitetspolitikk, Rektorvalet 2005 Av Martin Toft
Publisert 29. sep. 2005 23:42 - Sist endra 10. des. 2008 15:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere