Einaste nordmann i Det franske vitskapsakademiet

Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth blei nyleg utnemnd til medlem av Det franske vitskapsakademiet. Dermed blir han den første nordmannen sidan tidlegare rektor og geologiprofessor W.C. Brøgger var medlem på slutten av 1800-talet. - Dette kom som ei svært hyggeleg overrasking, seier Stenseth til Uniforum.

AKADEMIMEDLEM: Biologiprofessor og gaupeekspert, Nils C. Stenseth er blitt medlem i Det franske vitskapsakademiet.
Foto: Martin Toft

- Eg må jo seia at utnemninga får eit visst perspektiv når eg veit at eg er den einaste nolevande nordmannen som er medlem av det akademiet. Dette tyder truleg at ein er synleg internasjonalt på ein positiv måte, legg han til.

- Eg har i lang tid jobba for å stimulera og utvikla utvekslingssamarbeid mellom Frankrike og Noreg. Dessutan deltar eg i arbeidet med å etablera eit norsk-fransk forskarnettverk. Til dette arbeidet vil me også prøva å reisa privat kapital både i Noreg og i Frankrike. Då er det viktig å vera synleg, og det hjelper då å kunna visa til ein medlemskap i Det franske vitskapsakademiet, understrekar han.

Emneord: Internasjonalisering, Forskning Av Martin Toft
Publisert 8. sep. 2005 17:46 - Sist endret 10. des. 2008 14:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere